Vil du forme framtida for unike kulturminne? Fortidsminneforeininga Sogn og Fjordane avdeling søkjer nestleiar
Fortidsminneforeininga Sogn og Fjordane Avdeling
Hopperstadvegen 61, 6893 Vik i Sogn
Om jobben
Fortidsminneforeininga Sogn og Fjordane forvaltar nokre av dei mest verdifulle kulturminna på Vestlandet. Avdelinga driv ei berekraftig og kvalitetsretta museumsverksemd, og er ein viktig aktør innan lokalt reiseliv og kulturvern. Vi søkjer no ein nestleiar som vil vere med å vidareutvikle avdelinga
- Stillingstittel
- Nestleder
- Oppstart
- Etter avtale
- Type ansettelse
- Fast, deltid 50%
- Arbeidstid
- Dagtid, alle dager
- Arbeidsspråk
- Norsk eller engelsk
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidssted
- Hybridkontor
Hva vi ser etter
-
Relevant utdanning innan kulturarv, museum, reiseliv eller administrasjon
-
Erfaring frå guiding, formidling eller kundeservice
-
Erfaring med drift, personalansvar og opplæring av tilsette eller frivillige
-
Erfaring med booking, besøksforvalting og kundekontakt
-
Gode digitale ferdigheiter og erfaring med publikumskommunikasjon
-
Strukturert, sjølvstendig og fleksibel med gode samarbeidsevner
-
Serviceinnstilt og interessert i formidling og kulturminnevern
-
Gode ferdigheiter i norsk og engelsk, skriftleg og munnleg (fleire språk er ein fordel)
-
Førarkort klasse B er ein fordel
-
Personlege eigenskapar og erfaring frå liknande arbeid vert vektlagde
Arbeidsoppgaver
-
Dagleg drift og koordinering
-
Personalansvar og opplæring
-
Booking og besøksforvalting
-
Formidling og kommunikasjon
-
Økonomi og administrasjon
-
Samarbeid og utvikling
Vi tilbyr
-
Ei meiningsfull rolle i Noregs eldste kulturvernorganisasjon
-
Moglegheit til å arbeide med unike og nasjonalt viktige kulturminne
-
Varierte arbeidsoppgåver innan drift, formidling og organisasjonsarbeid
-
Ei sentral rolle i utviklinga av verksemda i avdelinga
-
Fleksibel arbeidstid og godt arbeidsmiljø
-
Variert og sjølvstendig stilling
-
Løn etter avtale og gode forsikrings- og pensjonsordningar
Om bedriften
Fortidsminneforeininga er Noregs eldste frivillige kulturvernorganisasjon. Hovudoppgåvene til foreininga er å forvalte historiske eigedomar, arbeide for å styrkje tradisjonshandverk og bygningsvern, engasjere seg i lokale vernesaker og påverke kulturminnepolitikken i Noreg.
Fortidsminneforeininga Sogn og Fjordane avdeling ønskjer gjennom solid kunnskap og rike opplevingar å skape breitt engasjement og forståing for å ta vare på kulturarven -- for alle, for alltid.
Avdelinga forvaltar og driv fem kulturhistoriske eigedomar:
-
Hopperstad stavkyrkje
-
Hove steinkyrkje
-
Gaupne gamle kyrkje
-
Hestad kapell
-
Lillingstonheimen i Fjaler
Dagleg leiar har det administrative ansvaret for drifta. Avdelinga har tre fast tilsette tilsynshavarar og om lag 20 mellombels tilsette i besøkssesongen.
Avdelinga opplever vekst i besøkstal, administrative oppgåver og nye prosjekt. For å sikre god drift og vidare utvikling søkjer vi no ein nestleiar som vil vere med å styrkje organisasjonen i ein spennande fase.
Sektor
Privat
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
bb40b8a1-d46b-46c0-8917-b9797f198307
- Sist endret
16. februar 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
bb40b8a1-d46b-46c0-8917-b9797f198307