Sjukepleiar/spesialsjukepleiar, 70 % natt - Avdeling for eldremedisin.
Eldremedisin post geriatri, Helse Fonna HF
Karmsundgata 120, 5528 Haugesund
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar 70% natt, Eldremedisin post geriatri
Type ansettelse
Fast, deltid 70%
Antall stillinger
1
Er du utdanna sjukepleiar og brenn for at eldre skal få heilhetlige spesialisthelsetenester? Likar du best å jobbe på natta? Sjå her:
Eldremedisin post geriatri søker etter sjukepleier på natt, fast 70% stilling. Sengeposten har 8 heldøgnsplassar og er ei spesialening der vi kartlegg og utgreier pasientar med samansatt akutt sjukdomsbilete. Vi tar imot pasientar for utgreiing av fallrisiko, svimmelhet, hukommelsesvansker, akutt forvirring, akutt funksjonssvikt, infeksjonssjukdommar, polyfarmasi, ernæringsproblem, og andre generelle medisinske sjukdommar og tilstandar. Sengeposten dekker heile Helse Fonnas opptaksområde.
Eldremedisin post geriatri ligger i 5 etg midt blokk sammen med medisinsk observasjonspost og gastro/nyrepost, som samarbeider tett på natt.
I byggetrinn 2 flytter eldremedisin post geriatri og alderspsykiatri saman i ny felles eining. Sengeposten vil få 18 senger med skjermingssenger tilpassa pasientgruppa. Stillingen vil inngå i ny eining.
I samband med den enkelte søkar vil vi sjå på moglegheit for utvida stillingsandel dersom ønskeleg.
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie til inneliggande pasientar med behov for behandling og observasjon.
- Koordinere og delta i tverrfagleg geriatrisk gjennomgang av akutt sjuke eldre
- Bidra til gode pasientforlaup
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Gjerne relevant sjukehuserfaring/klinisk erfaring
- God norsk formidlingsevne både skriftleg og munnleg
- Kompetanse og/eller interesse for eldremedisinske områder
- Personlege eigenskaper vert vektlagt
Personlege eigenskapar
- God på teamarbeid og på å skape eit godt lærings- og ytringsklima
- Ansvarsbevisst, strukturert og evner å prioritere mellom oppgaver
- Fleksibel og sjølgåande
- Tar initiativ og engasjerer seg i arbeidet
- Interesse for pasientgruppa
Vi tilbyr
- Ein arbeidsplass som er ei inkluderande arbeidsliv- bedrift (IA-bedrift)
- Spennende arbeidsplass med eit aktivt fagmiljø og stort fagleg spenn av arbeidsoppgaver.
- Forutsigbar årsplan med arbeid 16 helger i året.
- Fagleg og personleg utvikling
- Kursdager i turnus
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Beathe Bjørnson, Funksjonsleiar pleie, +47 91677518Arbeidsstad
Karmsundgata 1205528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4666609058
Stillingsprosent: 70%
Fast
Søknadsfrist: 03.09.2023
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2351836
- Hentet fra
talentech
- Referanse
19f91f8af93844009792630794390342