Hopp til innhold

☀️Er du klar for sommarens mest spennande utfordring?☀️

Arbeidsgiver

Helse Fonna HF

Sted

Karmsundgata 120, 5528 Haugesund

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Sildikon Valley - sommarjobb 2026
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Dette er moglegheita for deg som vil jobbe med HR-prosjekt som faktisk betyr noko – samtidig som du bygger erfaring, får eit knallbra nettverk og har det kjekt saman med andre studentar👩‍🎓

Vi søkjer deg til ein 6-vekers sommarjobb gjennom Sildikon Valley. Du vil jobbe i team og få vere med på konkrete HR-prosjekt, til dømes innan onboarding av nye medarbeidarar eller andre aktuelle HR-tema som er viktige for organisasjonen. Prosjektet tek utgangspunkt i organisasjonens behov og du blir ein viktig bidragsytar i arbeidet.

Her får du lønn, sosialt program kvar veke, nye vener, fagleg påfyll og erfaring du garantert vil vise fram på CV-en. 💼✨

👉 Dette er ikkje ein vanleg sommarjobb – det er ei moglegheit til å utvikle deg sjølv, lære av erfarne HR-folk og få hands-on erfaring med HR i praksis. Kanskje finn du også ut kva du vil jobbe med etter studia? 🙌

Ta gjerne kontakt med Ingrid om du har nokre spørsmål.

Les meir her: Sildikon Valley


Kva går jobben ut på?

  • Jobbe i team med eit konkret HR-prosjekt, basert på organisasjonens behov.
  • Bidra i utvikling av HR-prosessar, til dømes innan onboarding.

Kva kompetanse er viktig i denne rolla?

  • Påbegynt bachelor- eller masterutdanning innan HR, organisasjon og leiing, markedsføring eller liknande fagområde.
  • Interesse for HR og organisasjonsutvikling.

Kva ser vi etter hos deg?

Hos oss er det viktig at du:

  • er engasjert og nysgjerrig.
  • likar å lære nye ting og prøve deg fram.
  • tek initiativ og får ting til å skje.
  • trivst med å jobbe i team.
  • held oversikt og får oppgåver gjort.

Personlege eigenskapar blir vektlagd.

Kvifor skal du velge oss?

  • Du får jobbe i ein stor og spennande organisasjon der HR-arbeidet betyr noko.
  • Her får du hands-on erfaring med reelle prosjekt og utfordringar.
  • Du blir ein del av eit engasjert team med høg fagleg kompetanse.
  • Gode moglegheiter for læring, nettverk og personleg utvikling.
  • Ei sommaroppleving du kan vise fram på CV-en.

Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Ingrid H. Stava, Rådgivar, 41695962, ingrid.hovden.stava@helse-fonna.no

Arbeidsstad

Karmsundgata 120
5528 HAUGESUND

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Fonna HF

Referansenr.: 5052444146
Stillingsprosent: 100%
Anna
Søknadsfrist: 18.01.2026

Om bedriften

Helse Fonna har rundt 4200 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.

Helse Fonna ønsker så langt som råd å avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

For å bli betre kjend med oss, kan du sjå her www.helse-fonna.no.

 

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

bae2ba83-b0a8-442c-b258-ffc1362228ae

Sist endret

19. januar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

496706fa68044ebc82b71e2ed86d271f

Lignende annonser