Peiling på digital markedsføring og vil bu i Sogndal?
Gasta design & kommunikasjon
Trolladalen 30, 6856 Sogndal, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Digital rådgivar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. juni
Vi er på jakt etter ein digital rådgivar som har erfaring med merkevare, nettsider og digital markedsføring.
I Gasta vil du rådgi kundane våre og jobbe i skjæringspunktet mellom merkevarestrategi, kreativitet og teknologi. Som prosjektleiar får du leie prosessar effektivt frå start til slutt. Vi har mange kundar, store og små, som vil gi deg ein kvardag med stor variasjon og mange ballar i lufta.
Det sentrale verktøyet i Gasta er Squarespace CMS. Kjekt om du kan det, men ikkje avgjerande. Dine framtidige kollegaer er best i Skandinavia på dette verktøyet, så det kjem du til å lære!
Vi ser etter deg som:
-
Har stor interesse for merkevare, digital markedsføring og teknologi
-
Har erfaring frå reklamebyrå eller liknande miljø
-
Har jobba som prosjektleiar, er sjølvstendig og har eit kommersielt fokus
-
Har erfaring med nettsider og publiseringsverktøy
-
Har erfaring med markedsføringsverktøy i Google og Meta
-
Kan formulere seljande tekstar og vere komfortabel med nynorsk
-
Forstår grunnleggjande søkemotoroptimalisering (SEO)
-
Er initiativrik og god på samarbeid
Vi tilbyr:
-
100 % fast stilling i eit kreativt miljø
-
Ein kvardag med mykje ansvar og artige utfordringar
-
Spennande kundar over heile landet, med varierande behov
-
Engasjerte kollegaer og eit godt arbeidsmiljø, både internt og på Campus Sogndal
-
Rom for å utvikle deg fagleg og forme eigne arbeidsoppgåver
-
Konkurransedyktig lønn og gode vilkår
-
Kø- og bompengefri kvardag med kort avstand til det meste
-
Medlemsskap på treningssenter og sosiale turar til ulike naturperler på Vestlandet
Om bedriften
Bli spesialist i Squarespace du óg
Gasta har spesialisert seg på nettsider i Squarespace som publiseringsverktøy. Vi har utvikla meir enn 600 sider i verktøyet og er blant dei fremste i Europa i Squarespace-miljøet.
I tillegg til nettsider har vi lang erfaring med merkevare, visuell identitet og digital markedsføring for kundane våre.
Gasta består av utviklarar, designarar og digitale rådgivarar som jobbar på tvers av fag i alle prosjekt.
Gasta har eksistert sidan 1998, og er i dag åtte tilsette. I 2024 hadde vi ei omsetning på 10,9 millionar kroner og har god økonomi.
Bu i Sogn? Det blir ikkje betre
Her bur du i midt i smørauge for toppturar sommar som vinter, med 15 minuttar til nærmaste skitrekk. Idrettssenteret held til i etasjen under oss og fjorden følger deg dit du drar.
Dette er staden for deg som vil ha ein aktiv og køfri kvardag, der du rekk det meste innan 10-15 minuttar. Sogndal er kåra til den 14. beste kommunen i landet , i NHO sin kommune-rangering (av 356 kommunar). Vi er og ein av dei kommunane som kan vise til god tilflytting av unge, velutdanna personar.
Gasta har kontor på Campus Sogndal, der også rundt 50 andre bedrifter held til, som mellom anna Norconsult, Innovasjon Norge, Adecco, Sogndal Fotball, Visit Sognefjord og Vestlandsforsking. I tillegg er Høgskulen på Vestlandet og Sogndal VGS lokalisert her, så du møter ein fin smeltedigel av ulike menneske.
Sektor
Privat
Nettsted