To stillingar i 100 % vikariat i bu og miljø
Vik kommune Heimebaserte tenester, open omsorg 2
Fjordavegen 1, 6893 Vik i Sogn
Om jobben
- Stillingstittel
- Miljøarbeidarar i 100 % stillingar
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 23. august
Vik kommune har ledig to vikariat i 100 % stillingar som miljøarbeidarar i heimetenestene 2, bu og miljøtenesta.
Om arbeidsstaden
Kommunen er liten men tenkjer stort. Me byggjer nye og moderne lokale med sjukeheim, og lokale til heimetenester, psykiatri, psykolog, institusjonskjøkken, dagtilbod, rehabilitering og omsorgsbustader. Bli med på ein spanande og framtidsretta utvikling i kommunen!
Vik kommune har ledig følgjande vikariat i 100 % stillingar som miljøarbeidarar:
- Eit årsvikariat frå snarast til 01.08.27
- Eit vikariat i tida 01.11.26 - 04.04.27
Begge stillingane er i turnus med arbeid kvar tredje helg.
Me tilbyr
- Varierte oppgåver med fokus på fagleg utvikling
- Dyktige kollegaer og godt tverrfagleg samarbeid
- Årsturnus
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Arbeidsoppgåver
- Utføra arbeidsoppgåver i tråd med lovverk, rutinar og prosedyrar som gjeld for avdelinga
- Heilheitleg pleie og omsorg, kartleggingar, behandling og observasjon av brukarar, med fokus på brukarmedverknad
- Vera pådrivar for eigenmeistring
- Deltaking i ulike prosjekt
- Dokumentasjon, laga og evaluera tiltaksplanar
- Utføra arbeidsoppgåver i tråd med lovverk, rutinar og prosedyrar som gjeld for avdelinga
Me søkjer
Krav til kompetanse
- Det er ønskjeleg med utdanning som helsefagarbeidar eller barne- og ungdomsarbeidar, men andre med relevant arbeidserfaring er velkomne til å søkje.
- God norsk munnleg og skriftleg kompetanse
- Gyldig politiattest må leggast fram ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
Me søkjer deg som kan gjera kvardagen god for andre, og har desse eigenskapane:
- Fagleg engasjert og profesjonell i yrkesutøvinga
- Interesse for arbeid med menneske med funksjonsvariasjon
- God i kommunikasjon, relasjon og samarbeid med andre
- Fleksibilitet og godt humør vert vektlagt
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Andre opplysningar
Vik kommune praktiserer meiroffentlegheit. Dersom du ikkje ynskjer at namnet ditt skal offentleggjerast, må du grunngje dette i søknaden.
Søknadsprosedyre
Alle søknader på ledige stillingar i Vik kommune skal registrerast elektronisk. Me ber om at dokumentasjon på eventuell utdanning og erfaring blir lagt ved søknaden.
Dersom du treng hjelp med søknaden, kan du ta kontakt på tlf. 57 69 82 00.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
bab80d0e-f33a-4b26-9325-529d297b4814
- Sist endret
7. august 2026
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3651947_248691_nn