Sjukepleiar i heimetenesta
Volda kommune, Heimeteneste
Sevrinhaugen 4, 6102 Volda, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar i heimetenesta
Oppstart
1. mai 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 10. april
Ambulerande heimetenester med base i Volda sentrum får eit ledige vikariat for autorisert sjukepleiar:
100 % i perioda 01.05.25 - 31.08.26, med todelt turnus med arbeid på dag og kveld, inkludert helg
Ambulerande heimetenester yter tenester til heimebuande. Her får ein jobbe tverrfagleg og sjølvstendig med mange spanande utfordringar saman med engasjerte medarbeidarar. Arbeidsplassen tilbyr god støtte, opplæring og rettleiing, slik at medarbeidarane skal vere trygge og kompetente til å yte tenester av høg kvalitet. Arbeidsdagane er varierte, og du kjem inn i eit godt arbeidsmiljø med fagleg fokus og god kollegastøtte.
Arbeidsoppgåver
Helse- og omsorgstenester til personar i private heimar. Det inneber mellom anna kompleks palliativ pleie, oppfølging av pasientar i alle aldersgrupper, oppfølging av multisjuke pasientar. Gjere grundige observasjonar og god dokumentasjon. Vere med å kartlegge, utarbeide og evaluere tiltaksplanar i tett samarbeid med fastlege, palliativt team og andre aktuelle faggrupper. Ansvar for å rettleie og undervise anna personell og praksiskandidatar. Bidra aktivt til eit helsefremjande arbeidsmiljø. Bidra til å kvalitetssikre tenestene.Kvalifikasjonar
Autorisasjon som sjukepleiar.Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
Kunne fremlegge tilfredsstillande politiattest
Kjennskap til journalsystemet Gerica og generelt gode datakunnskaper er ein fordel
Søkjar må ha førerkort kl B
Personlege eigenskapar
Vi søkjer etter medarbeidarar som er effektive og løysingsorienterte, har godt humør og gode kommunikasjonsevne. Dei aktuelle må vere engasjerte, trivst med å jobbe sjølvstendig og er trygge på eigne avgjerder. Er ein i tillegg endringsvillig og har variert praksis så er det eit pluss. Andre kriterier:God fagkompetanse og engasjement for fagleg utvikling
Fungerer godt i teamarbeid og har evne til å delegere arbeidsoppgåver
Må like å jobbe i relasjon med menneske og er opptatt av aktiv omsorg og kvardagsmeistring
Er ansvarsbevisst og løysingsfokusert, fleksibel og liker utfordringar.
Vi tilbyr
Fagleg utfordrande og spanande arbeidskvardag!Ein arbeidsplass med fokus på heiltidskultur
Tverrfagleg lagarbeid: vi har hukommelsesteam, kvardagsrehabiliteringsteam, frivilligkoordinatorar, kreftkoordinator og spesialisert korttidsavdeling.
Engasjerte medarbeidarar og godt arbeidsmiljø
Mentorordning for nytilsette
Tilgang til e-læringkurs frå Glup
Fokus på relevant kompetanseutvikling
Velferdsteknologi vil vere eit stort fokusområde framover
Gode forsikrings- og pensjonsordningar (KLP)
Stillingskode 717400 sjukepleiar.
Kontaktinformasjon
Vegar Batts, Seksjonsleiar, 90 08 99 47, vegar.batts@volda.kommune.noIngeborg Mork Håskjold, Seksjonsleiar, 90 06 94 73, ingeborg.haskjold@volda.kommune.no
Anita Kristiansen, Avdelingsleiar, +47 90 03 24 32, anita.kristiansen@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Sevrinhaugen 46102 Volda
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Volda kommuneReferansenr.: 4945026557
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.05.2025
Sluttdato: 31.08.2026
Søknadsfrist: 10.04.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Volda kommune er den største kommunen på Søre Sunnmøre og den femte største i Møre og Romsdal når det gjeld folketal, med i underkant av 11.000 personar. Kommunen ligg strategisk til midt i kryssinga mellom fylker og regionar, med kort veg til ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Det er kort veg til dei majestetiske Sunnmørsalpane og eit stort utval av turløyper som passar heile familien.
I Volda finn du både høgskule og sjukehus, noko som bringer eit stor mangfald av menneske frå heile landet hit. Med eit yrande student- og kultuliv gjennomførast det tradisjonsrike festivalar heile året og vi har mange lag og organisasjonar ein kan engasjere seg i.
Det er om lag 1.000 engasjerte tilsette i kommuneorganisasjonen som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane i kommunen. Om du også ønsker å ha ein meiningsfylt og spennande arbeidskvardag, oppmoda vi deg til å søke på stillingane kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2899765
- Hentet fra
talentech
- Referanse
687b3f4e1f434db9b402affee0122645