Sjukepleiar
Sengepost Medisin 3 SNR Hjelset, Helse Møre og Romsdal HF
Opdølvegen 2, 6450 Hjelset, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i morgen
Kom til oss ved Sengepost Medisin 3 på det topp moderne sykehuset vårt på Hjelset!
Vi har ledig fast 100% stilling for sjukepleiar frå 23.6.25
Sengepost Medisin 3 har 28 sengeplassar fordelt på dei spennande fagfelta hjerte, infeksjon og geriatri. Vi har fagsjukepleiarar ved alle fagfelta og fagdag for alle tilsette i turnus. Vi er ein god arbeidsplass der vi har eit solid fagmiljø og fokus på best mulig pasientbehandling, tryggheit, kvalitet og respekt.
Her er det hyggelege og engasjerte kollegaer, og arbeidsgleda er stor. Vi tar vare på og rettleder hverandre. Vi har fokus på samarbeid i kvardagen, og vi jobber saman i team. Vi skal også samarbeide godt med fleire faggrupper gjennom dagen.
Turnusen er tredelt, med arbeid kvar 3.helg, og du får kome med ønsker om korleis legge vaktfordelinga best til rette for deg. Vi har startet utprøving av langvakter, med videre utbredding til hausten. Med langvakter vil det bli arbeid kvar 4. helg. Langvakter er frivillig.
Høyrast dette interessant ut, så legg inn ein søknad. Ta gjerne kontakt om det er noko du lurer på.
Vi ønsker deg velkommen til å bli ein del av gjengen ved sengeposten vår!
Arbeidsoppgåver
- Sjukepleie til pasientar på sengepost
- Stell, pleie og observasjon
- Tverrfagleg samarbeid
- Gjere seg kjent med og halde seg oppdatert på sengeposten sine gjeldande prosedyrar og retningsliner
- Rettleiing av studentar og kollegaer
- Samhandling med kommunehelsetenesta
Kvalifikasjonar
- Autorisert sjukepleiar
- Du må meistre norsk både skriftleg og munnleg
- Relevant erfaring kan bli vektlagt
Personlege eigenskapar
- Du er ansvarsbevisst og likar varierte utfordringar
- Du er fleksibel, strukturert, samt fag- og løysningsorientert
- Du har evne til å arbeide i team og samarbeide med andre profesjonar
- Du bidreg til vårt gode arbeidsmiljø
- Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyr
- Varierte og spennende arbeidsoppgaver
- Sterkt tverrfagleg samarbeid
- Ein inkluderande arbeidsplass
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Mette Malme, Seksjonsleder, 711 16604, Mette.Malme@helse-mr.noArbeidssted
Opdølvegen 26450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4964942756
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
baa700c5-6eeb-44ec-9b3e-5a5132df0e69
- Hentet fra
talentech
- Referanse
7b25e6344a504cd28fb8b02456310423