Helsesjukepleiar
Tenesteområde Helsestasjon og jordmor, Haram kommune
Strandgata, 6270 Brattvåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Helsesjukepleiar
Oppstart
18. august 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
I helsestasjonstenesta har vi no ledig 120 % vikariat, fortrinnsvis ei 100 % stilling og ei 20 % stilling. Andre alternativ kan diskuterast ved tilsetjing.
Stillingane er organisert under livsløp, eit kommunalområde der ein har samla fleire tenester som er viktige bidragsytarar i livsløpet til kommunen sine innbyggarar. Saman med oss skal du vere med å levere gode tenester til barn, ungdom og deira føresette i Haram kommune.
Kommunalområde livsløp består av tenesteområde psykisk helse og rus, helsestasjon og jordmor, pedagogisk fagsenter, ressursbase, integrering, barnevern, NAV og
ergoterapi, fysioterapi og lege
Haram kommune er ein ambisiøs kommune med gode, heilskaplege tenester. Vi skal særleg ha fokus på å spele kvarandre gode, og arbeide på tvers for å skape gode tenester for innbyggarar og næringsliv. Helsestasjonen er ei teneste for barn og unge frå 0-24 år
Arbeidsoppgåver
- Arbeidsoppgåvene er heimla i lov om kommunale helse-og omsorgstenester og omfattar helsestasjon, skulehelseteneste og helsestasjon for ungdom
- Rettleiing til barn og unge, samt til foreldre og kollegaer
- Individuelle samtalar
- Heimebesøk
- Samarbeid med andre utøvande tenester
Kvalifikasjonar
- Godkjent helsesjukepleiarutdanning (sjukepleiar som er under helsesjukepleiarutdanning kan søkje og bli vurdert for tilsetting)
- Erfaring frå arbeid med barn og unge
- Relevant kompetanse ift. arbeid med psykisk helse blant barn og unge er ein fordel
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Førarkort klasse B
- Ein må pårekne bruk av eigen bil i teneste
Personlege eigenskapar
For stillingane vil det bli lagt stor vekt på at ein er personleg eigna og vi ynskjer ein person som er ein god lagspelar
- Har gode kommunikasjons- og samhandlingsevne
- Stor evne til å oppnå kontakt og skape gode relasjonar til andre
- Har evne til å arbeide målretta, strukturert og sjølvstendig
- Er utviklingsorientert, fleksibel og samarbeidsvillig
- Har vilje og interesse for utvikling av organisasjonen og medarbeidar ved å samhandle
- Likar å arbeide tverrfagleg og i tett samarbeid med andre instansar
- Du må rekne med noko reiseaktivitet, og eigen bil må påreknast brukt i tenesta
Vi tilbyr
- Meiningsfylt og interessant arbeid i eit triveleg miljø i stadig utvikling
- Utfordrande oppgåver i ein organisasjon med stort potensial og kompetente kollegaer
- Tverrfagleg samarbeid og kompetanseutvikling
- Godt arbeidsmiljø i nye og moderne fasilitetar på tenestehuset i Brattvåg
- Løn etter avtale. Pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP
Kontaktinformasjon
Bodil Fjørtoft, Avdelingsleiar, 94877007, bodil.johanne.otterlei.fjortoft@haram.kommune.noElly Christine Volsdal Slettvoll, Tenesteleiar, 90158565, elly.christine.volsdal.slettvoll@haram.kommune.no
Arbeidsstad
Strandgata6270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 4959641290
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 18.08.2025
Søknadsfrist: 18.05.2025
Om bedriften
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
ba5e43fa-9781-4a2d-a28d-0be79907ed54
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e39a3deb121d4e95ad7abe5fa88d7989