Hopp til innhold

Rådgjevar/seniorrådgjevar

Arbeidsgiver

Bufetat region vest, ved Enhet for inntak avd. Vestland

Sted

Solheimsgaten 11, 5058 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Rådgjevar/seniorrådgjevar
Oppstart
1. mai 2026
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3

Søk på jobben

Søk senest søndag 1. mars

Vil du jobba med å gje barn og unge og deira familiar hjelp i ein vanskeleg livssituasjon, og bidra til å gje dei en trygg og god oppvekst?

Hjå oss vil du vere ein del av eit spennande fagmiljø som er opptatt av å vedlikehalde og vidareutvikle kompetanse.

Vi har ledig 3 midlertidige 100 % stillingar med varigheit frå 01.05.2026 til 30.06.2027. Det er moglegheit for forlenging.

Eining for inntak skal formidla ulike barneverntiltak til kommunane i regionen til barn og unge i ein sårbar livssituasjon. Arbeidsoppgåver favnar frå råd og rettleiing, kartlegging, tiltaksvalg, oppfølging av barn og unge i tiltak og heldøgns akuttarbeid. Eininga sine rådgjevarar får bistand frå nasjonal eining for inntaksstøtte (EIS) og nasjonalt inntak for rus og atferdsplasseringar (NABE). Eininga har to avdelingar, i Vestland og i Stavanger. Avdelinga i Vestland har pr i dag 21 tilsette.

Stillingane inneheld noko reiseverksemnd innan både eigen region og andre regionar. Sertifikat for bil er nødvendig.

Arbeidsoppgåver

Hva vil arbeidsdagen din bestå av?
  • Ved førespurnad frå kommunen skal du gje råd, rettleiing og bistand i enkeltsaker, både i akutte saker og i saker med behov for mer langvarige plasseringsløysingar.
  • Du skal ta i mot og saksbehandle ulike tilvisingar frå kommunen.
  • Du skal gjere faglege og forsvarlege vurderingar av eigna tiltak i samarbeid med kommunen si tilvising.
  • Du skal dokumentera alle delar av arbeidet.
  • Du skal sikra oppfølging av plasseringar i barneverntiltak.
  • Du skal delta i samarbeidsmøter med andre einingar, kommunar og instansar.
  • Du kan bli ein del av det statlege barnevernet si bakvaktsordning for akutt-tenester.

Kvalifikasjonar

Kva slags bakgrunn har du?
  • Krav til treårig utdanning frå universitet/høgskule på bachelornivå innan barnevernsfag/sosialfag.
  • Krav om erfaring frå barnevernsarbeid, med ønskje om barnevernfagleg forvaltningspraksis.
  • Krav om kompetanse om lov, avtaleverk og forvaltning innan fagfeltet.
  • Du må ha særs god skriftleg framstilligsevne på norsk og gode IKT-kunnskapar.
  • Ønskjeleg med vidareutdanning eller master innan barnevern/psykisk helse/ledelse.

Personlege eigenskapar

Kven ser vi etter?
  • Du er sjølvstendig og trygg i arbeidsutføringa di.
  • Du har evne til å leie arbeidsprosessar og arbeidar med høg grad av sjølvstende.
  • Du har stor arbeidskapasitet og god gjennomføringsevne.
  • Du er initiativrik og løysingsorientert.
  • Du er ein lagspelar med gode samarbeidsevner.
  • Du bidreg aktivt i kontinuerlege endrings- og forbetringsprosessar.
  • Du har godt humør og skapar eit positivt arbeidsmiljø.

For oss er det og særs viktig korleis du som person eignar deg til stillinga. Dette vil bli vektlagt i den samla vurderinga.

Vi tilbyr

  • Stillinga er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1434 som rådgjevar, p.t. kr 620 000 - 700 000 pr. år eller 1364 seniorrådgjevar, p.t. kr 650 000 - 750 000 pr. år. Avlønning og stillingskode vurderas etter utdanning og erfaring.
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ei god tenestepensjonsordning, moglegheit for tilbod om bustadlån til konkurransedyktige betingelsar, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Vi kan også tilby:
  • Fleksitid og moglegheit for sommartid (kl. 08.00-15.00) og vintertid (kl. 08.00-15.45).
  • Kurs, kompetanseutvikling og moglegheit for vidareutdanning.
  • Trening i arbeidstida med løn inntil 1 time pr. veke.
  • Ein spennande og fagleg utviklande jobb, med eit særs viktig samfunnsoppdrag.
  • Eit sterkt, godt og stabilt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer som samarbeidar på tvers av team og avdelingar og som støttar kvarandre i arbeidskvardagen.

Du får være med på å løfte oss slik at vi kan gje barn og unge og familiar eit enda bedre tilbod, og det meiner vi har en stor verdi i seg sjølv.

Informasjon til deg som søkjar
  • Inkludering og mangfold er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda betre. Difor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppmodar vi deg som søkjar til å krysse av i jobbsøkerportalen. Er det kvalifiserte søkjare, kallar vi inn minst ein i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legg vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velje ut riktige kandidatar brukar vi ikkje avkryssingane til noko annet enn anonymisert statistikk.
  • Stillinga er for tida lagt til Eining for inntak, avdeling Vestland.
  • Politiattest må fremleggas ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggas med søknaden.
  • Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkarlista. Dette må i så fall begrunnas. Vi kontaktar deg om ønskjet ditt ikke tas til følge.

Søknad med CV sendes elektronisk via link på denne siden.

For å bli vurdert som søkjar, må du leggja ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik. Vitnemål for utdanning teke i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse/NOKUT.

Kontaktinformasjon

Linda Nytræ, Avdelingsleder, 46 61 98 73, linda.nytra@bufetat.no

Arbeidssted

Solheimsgaten 11
5058 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bufetat

Referansenr.: 5075490740
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.05.2026
Sluttdato: 30.06.2027
Søknadsfrist: 01.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Linda Nytræ

Avdelingsleder

46 61 98 73

linda.nytra@bufetat.no

Om bedriften

Barne-, ungdoms- og familieetaten sine fem regionar har som hovudoppgåve å drifte og drive etaten sine institusjonar og familievernkontor. I tillegg har regionane ansvar for fosterheimsrekruttering og oppgåver knytt til adopsjon. Barn, unge og familiane deira skal få riktig hjelp til rett tid uansett kvar dei bur i Noreg. Bufetat sine fem regionar rapporterer til Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet som er underlagd Barne- og familiedepartementet.

Bufetat region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

ba4248cb-048a-45ce-9465-e8f1a04e0fab

Sist endret

13. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

cb1b7979e6cb4db29c21fd623133b960

Lignende annonser

Arbeidsgiver

Barne- og familietjenesten i Fyllingsdalen og Laksevåg, Bergen kommune

Sted

Fyllingsdalen

Arbeidsgiver

Spesialiserte fosterhjem Vestland, Bufetat

Sted

Bergen