Banksjef Personmarknad Sande
Sparebanken Møre
6084 Larsnes
Om jobben
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Vil du bli ein del av Team Møre på Søre Sunnmøre?
I Sparebanken Møre får du ikkje berre ein jobb. Du blir ein del av eit team. Vi ser no etter banksjef til vårt kontor på Larsnes, Sande. Er det di heimebane?
Vi drivast av å gi noko tilbake, både til kundane våre og til lokalsamfunna rundt. Vi håpar du drivast av å sjå framgang hjå andre, og å vere med på å skape gode opplevingar, for medarbeidarar, kundar og lokalmiljø.
Dine ansvarsområder:
Stillinga som banksjef passar for deg som engasjerer deg sterkt i lokalmiljøet. Som banksjef i Sparebanken Møre får du ansvaret for å representere banken som ein positiv og betydeleg bidragsytar i ulike fora, samt vidareføre og forsterke bankens posisjon i lokalmarknaden overfor privatkundar. Du vil blant anna synleggjere og representere banken gjennom ulike former for sponsorarbeid og samfunnsengasjement.
Som banksjef får du totalansvaret for drift og utvikling av ditt kontor, herunder kontoret sine marknads- og vekstambisjonar, kvalitet på portefølje og personal- og resultatansvar. God leiing er grunnleggande for å nå dei måla ein sett seg. Som leiar vil du inspirere dine medarbeidarar i det daglege til å nå sine eigne og avdelinga sine mål. Du gir konkrete tilbakemeldingar som bidreg til utvikling og du sikrar god kredittkompetanse og ein sunn kredittkultur. Du bidreg til å skape ein kultur der ein presterar saman som team.
I tillegg til gode kollegaer lokalt, blir du også ein del av eit større team og får 380 kollegaer i Team Møre. Stillinga inngår i leiargruppe Personmarknad og rapporterer til Divisjonsleiar Personmarknad. I rolla som banksjef er det viktig å jobbe tett saman med både andre banksjefar, spesialistfunksjonar og fagavdelingar for å sikre at vi har forutsetningane for å gi dei beste kundeopplevingane.
Det er flott om dette er deg:
- Du er sterkt engasjert i lokalmiljøet og ser verdiane ein lokal bank kan tilføre
- Du har ein tydeleg og inkluderande leiarstil
- Du får fram det beste i dine medarbeidarar ved å inspirere og legge til rette for utvikling
- Du har gode formidlingsevner og kommuniserer godt med ulike menneske
- Du har omstillingsevne, personleg drivkraft og er glad i å lære
- Du har relevant utdanning og/eller erfaring
Det viktigaste for oss er deg, kompetansen din og ditt engasjement! Vi gløder for lokalsamfunnet, og håpar du gjer det same. Vi ønsker å gjere ein forskjell og ser difor etter deg som kjenner deg att i verdiane våre: engasjert, nær og handlekraftig.
Dersom du blir ein del av Team Møre vil du følge eit obligatorisk utdanningsløp gjennom Møreskolen for å bli Autorisert finansiell rådgivar, om du ikkje er autorisert frå før. Du kan lese meir om dette på finaut.no.
I Sparebanken Møre verdset vi mangfald blant våre tilsette og ser etter medarbeidarar med ulik bakgrunn, erfaringar, eigenskapar og perspektiv. Vi meiner at dette gir enda betre løysingar og opplevingar for kundane våre.
Vi håpar du er inspirert og ser dette som ei spennande moglegheit. Vi har eit aktivt, ope og inkluderande arbeidsmiljø, og vektlegg samarbeid, utvikling og kompetansedeling. Kontakt oss gjerne for ein uformell prat.
Vi kan tilby deg verdas beste kollegaer og eit stort fagleg kompetansemiljø i Nordvestlandets største bank.
Om bedriften
Sparebanken Møre er den største banken på Nordvestlandet med kraft til å dyrke skaparkulturen som er her. Vi gir støtte til små draumar og store visjonar. Vi lagar møteplassar, nettverk og felleskap. Vi skal skape ein forskjell for kundane våre.
Vi har over mange år bygd opp eit stort kompetansemiljø knytt til person- og bedriftsmarknaden, samt aksje-, rente- og valutamarknaden. Saman med Møremegling er vi ein fullservicebank for personar, bedrifter og det offentlege. Vi har ein sterk kredittrating både nasjonalt og internasjonalt.
Nordvestlandet er ein region i utvikling med spanande moglegheiter og utfordringar for både privatpersonar og bedrifter. Vi skal vere pådrivar for lokal skaparglede, slik at vi kan fortsette å vere ein aktiv og engasjert bidragsytar til berekraftig utvikling av regionen vår framover. Med kontor over heile regionen, kjenner vi Nordvestlandet godt. Det er her vi gir tilbake. Det er her vi høyrer til.
Sektor
Privat