Klar for å ta utfordringa som rektor på Våge?
Fjaler kommune Våge skule
Dalstunet 20, 6967 Hellevik i Fjaler
Om jobben
Stillingstittel
Rektor Våge skule og barnehage -100% fast stilling
Antall stillinger
1
Då noverande rektor dessverre skal slutte søkjer vi no etter ein ny leiar til Våge skule og barnehage. Som rektor får du ein interessant og spanande arbeidskvardag med høve til å nytte brei fagkompetanse i eit sterkt fagmiljø.
Vi søkjer etter ein pedagogisk og administrativt dyktig leiar, med kjennskap til gjeldande lover og forskrifter. Vår nye rektor vert leiar av den praktiske og økonomiske drifta, får personalansvar for dei tilsette, og har det øvste ansvaret for elevane/barna si læring og utvikling.
Våge skulen og barnehage har det flottaste uteområdet og nærmiljøet i Fjaler!
Ta gjerne kontakt, dersom du ønskjer meir informasjon om stillinga.
Arbeidsoppgåver
- Leie og motivere medarbeidarane til samarbeid og målretta innsats for barna og elevane si utvikling og læring
- Vidareutvikle det pedagogiske arbeidet til beste for barna og elevane si faglege og sosiale utvikling
- Involvere og samhandle med tilsette, foreldre og barn/elevar om å skape eit godt lærings- og arbeidsmiljø
- Forvalte skulen og barnehagen sine totale ressursar på best mogleg måte innan tildelte rammer
Kvalifikasjonar
- Godkjend pedagogisk utdanning på høgskule- eller universitetsnivå
- Minimum tre års praksis med pedagogisk arbeid
- Leiarutdanning/rektorutdanning 30 stp. Kan gjennomførast seinare
- Kjennskap til økonomi og økonomistyring er ein fordel
- Den som vert tilsett må legge fram godkjend politi- og tuberkulinattest før tiltreding
Personlege eigenskapar
- Tydeleg
- Framtidsretta og utviklingsorientert
- Handlekraftig, med ein inkluderande og motiverande leiarstil
- Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- Det blir vektlagt om ein er personleg egna til stillinga
Vi tilbyr
- Ein spanande og viktig jobb
- Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø ved ein fin skule og barnehage
- Kommunale vilkår med gode pensjons- og forsikringsordningar
- Løn etter avtale
- Leiarutvikling og støtte til leiarutdanning
Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling i utgangspunktet er offentleg. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren verte kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste vert gjort offentleg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2289555
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3136983_178011_nn