ID 1973 Fagkoordinator/Vernepleiar - Eining for habilitering
Stord kommune
Stord
Om jobben
Stillingstittel
Vernepleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus, dagtid og kveld, alle dager
Antall stillinger
1
Avdeling Husahaugen gjev teneste i bufellesskap og i miljøgruppe. Bufellesskapet har 9 bustadar der det vert gitt heildøgns omsorg til dei bebuarane som har behov for det. Det er tilknytt eigen personalbase. Bustadane er kommunalt eigd, og bebuarane leiger hos Stord kommune.
I tillegg til bustadane er ei miljøgruppe knutt til avdelinga. Miljøgruppa gjev tenester til vaksne med utviklingshemming som bur i husvære som ikkje er knytt til bufellesskap. Me er organisert i Eining for Habilitering, som har hovudkontor i SKE bygget på Leirvik. Me er ei mangfaldig personalgruppe som trivst godt i saman.
Det er ledig 100% fast stilling som fagkoordinator frå snarast. Stillinga har turnus med dag og kveldsvakter, og langvakter kvar fjerde helg.Me ynskjer medarbeidarar som kan jobba sjølvstendig og i team, har arbeidsglede, likar utfordringar og har evne til å vera løysingsorientert. Du er fagleg trygg og kan ta ansvar i avdelinga. Du har godt humør og evne til å motivera og engasjera, og du har gode samarbeidsevner. Du er positiv, initiativrik og strukturert.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt ved tilsetting.
Fagkoordinator har ansvar for:
- At brukar får eit koordinert og heilskapleg tenestetilbod -- i høve funksjonsnivå, individuelle vedtak og gjeldande lovverk
- Kartlegga behov og utarbeida faglege mål
- Oversikt over mål, oppgåver, aktivitetar og organisering i eininga/avdelinga
- Tydeleggjera ansvarsforhold for samarbeidspartnarar og medarbeidarar og sikra god samhandling
- Medverka til å avklara forventningar i høve arbeidsoppgåver
- Halda fokus på mål og evaluera desse
- Halda seg oppdatert på gjeldande lovverk og avtalar
- Delta på ansvarsgruppemøter/samarbeidsmøter der det er aktuelt
- Samarbeida med vernepleiar/sjukepleiar/miljøterapeut kring miljøterapeutisk arbeid
- Samarbeida med avdelingsleiar kring faglege utfordringar
- Avdelingsleiar kan delegere andre oppgåver
Kvalifikasjonskrav:
- Norsk autorisasjon som vernepleiar.
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg.
- Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktpersonar:
Avdelingsleiar Caroline Groa Tisell, tlf 932 66 980 eller einingsleiar Esther Aasen Bjelland, tlf 97552097.
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Sektor
Ikke oppgitt
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2288469
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
b9ca9317-9a50-414a-8e91-81d4f2bcc7cb