Vil du vere sjukepleiar/vernepleiar i vårt nye team?
Haugaland DPS, Helse Fonna
Floravegen 75, 5535 Haugesund
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar/Vernepleiar
Oppstart
8. oktober 2023
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, lørdag og søndag
Antall stillinger
4
Helse Fonna skal etablere ein poliklinikk for legemiddelassistert rehabilitering (LAR). LAR-poliklinikken vil vere ein del av Haugaland DPS og dra nytte av eit allereie etablert fagmiljø. Vi søkjer derfor etter deg som ønskjer å arbeide saman med oss.
Målsetjinga vår er å tilby eit omfattande og heilskapleg behandlingstilbod i samsvar med nasjonale retningslinjer.
Som tilsett ved den nye poliklinikken vår vil du jobbe i eit tverrfagleg team med eit allereie veletablert fagmiljø.
Stillingane er på dagtid med arbeid kvar 3. helg. Oppstart så snart som mogleg er ønskjeleg.
Intervju vil bli gjennomført fortløpande i utlysingsperioden og tilsetjingar vil skje etter søknadsfrist.
Vi har sett ein kort søknadsfrist, så vi oppmodar deg til å søkje allereie no!
Arbeidsoppgåver
- Du vil vere ein del av eit team og ha ansvar for pasientar i periodar med dårleg rusmeistring. Det inneber mellom anna kontroll og utdeling av LAR-medikasjon.
- Motiverande samtalar og eit tydeleg meistringsfokus.
- Samarbeid med ulike interne og eksterne instansar kan vere del av arbeidsoppgåvene.
- Vere med å utvikla tenesta
Kvalifikasjonar
- Du bør ha erfaring med målgruppa og vere kjent med tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB)
- Påkrevd kvalifikasjon som norsk autorisert godkjent sjukepleiar
- Erfaring og vidareutdanning innan rus/psykiatri er ønskeleg men ikkje et krav.
- Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasientbehandling. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten eller anna norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad
- Førarkort for bil
Personlege eigenskapar
- Personlege eigenskapar blir vektlagt
- Du er god på teamarbeid, men kan også jobbe sjølvstendig
- Evne til å stå i krevande situasjonar
- Du har gode kommunikasjonsevnar, skriftleg og munnleg
- God IT-kunnskap
- Du er strukturert og fleksibel
- Evne til å sette seg inn i og jobbe etter poliklinikken sine rutinar og praksis
- Evne til å ta eit kollektivt ansvar i poliklinikken for å løyse våre felles utfordringar
Vi tilbyr
- Triveleg arbeidsmiljø
- Høgt fagleg nivå
- Moglegheit til å påverke utviklinga av ein ny poliklinikk
- Konkurransedyktig pensjonsordning. Yrkesskadeforsikring, gruppelivsforsikring og tenestereiseforsikring
- For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden
Mangfaldserklæring
Helse Fonna ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonshemming og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Helse Fonna ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Diana Mari Heggen Lauritzen, Prosjektleder, 90075915/93007842, diana.mari.heggen.lauritzen@helse-fonna.noArbeidsstad
Floravegen 755535 Haugesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Fonna HFReferansenr.: 4708731670
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 08.10.2023
Søknadsfrist: 08.10.2023
Om bedriften
Helse Fonna har rundt 4000 medarbeidarar som jobbar for å gi best mogleg behandling og pleie til pasientane. Vår oppgåve er å gi spesialiserte helsetenester til dei over 180 000 innbyggarane i Sunnhordland, Indre Hardanger og Nord-Rogaland.
Helse Fonna er eit lokalt helseføretak eigd av Helse Vest RHF. Vi har tre somatiske sjukehus i Haugesund, Stord og Odda, eit psykiatrisk sjukehus på Valen i Kvinnherad, fire distriktspsykiatriske senter (Stord, Karmøy, Haugesund og Folgefonn) og ti ambulansestasjonar.
For å bli betre kjend med oss, kan du sjå www.helse-fonna.no. Følg oss også gjerne på Facebook.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2442099
- Hentet fra
talentech
- Referanse
42949cf9f8db459f9785905a6f8cc7b6