Hopp til innhold

Vil du jobba som journalist i sommar?

Arbeidsgiver

Bladet Tysnes AS

Sted

Tysnes

Om jobben

Stillingstittel
Journalist
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Sesong, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid og kveld, alle dager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hybridkontor

Søk på jobben

Søk senest torsdag 30. april

Alternativt kan du sende søknad via e-post til randi@tysnesbladet.no

Om sommaren florerer folkelivet i Tysnes kommune. Tysnes er sommarkommune nummer 1, og hyttegjestar og andre ferierande sørger for meir enn dobling av innbyggjartalet. Det store høgdepunktet er Tysnesfest, festivalen som samlar tusenvis av menneske og dei største artistane i landet til folkefest midt i juli.

Alt dette skal Bladet Tysnes vera til stades på, og vidareformidla til alle med hjarta for Tysnes. Me skal ikkje berre vera med på alle sommaropplevingane, me skal og dokumentera dei for all framtid, og skildra dei vidare for våre lesarar.

Me søker dermed etter sommarvikarar til det me meiner er den beste sommarjobben i verda.

Me ser etter deg som:
  • har godt humør og entusiasme

  • er glad i å skriva og ta bilete

  • kan jobba både sjølvstendig og i lag med gode kollegaer

  • ynskjer å spegla ulike sider av Tysnes-samfunnet

  • trivst med å kasta deg ut i nye utfordringar

Hos oss blir du ein viktig del av avisredaksjonen, og ein del av eit tett og godt arbeidsmiljø. Du får:
  • ein variert og spennande arbeidsdag

  • stor tillit og mykje ansvar

  • sjansen til å jobba med eigne idear og saker

  • høve til å utvikla dine journalistiske eigenskapar

  • moglegheiter for framtidig frilansarbeid

Bakgrunn frå journalistisk arbeid er ein fordel, men du kjem langt med stor entusiasme, pågangsmot og lærevilje. Ei grunnleggjande forståing av korleis det journalistiske arbeidet fungerer er likevel naudsynt.

Du bør ha førarkort og disponera eigen bil. Det må påreknast arbeid både på kveldstid og i helger.

Søknad kan sendast til redaktør og dagleg leiar Randi Kleppe, e-post: randi@tysnesbladet.no

Ta gjerne kontakt viss det er spørsmål om stillinga.

Kontaktperson for stillingen

Randi Kleppe

randi@tysnesbladet.no

Om bedriften

Bladet Tysnes er ein avis som tar pulsen på Tysnes kommune i hjarta av Sunnhordland. "Tysnes" er den avisa i landet med størst opplag sett i forhold til folketalet i kommunen. Forutan lesarar innad i kommunen, har avisa mange abonnentar utanfor Tysnes sine grenser som ønskjer å halda seg oppdaterte på kva som rører seg i Tysnes-samfunnet.

Me er seks faste tilsette, og har flotte lokale sentralt ved hamna i Våge.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b9bac636-ccc9-4cbc-9f49-380bf193b6cd

Sist endret

22. januar 2026

Hentet fra

Stillingsregistrering

Referanse

b9bac636-ccc9-4cbc-9f49-380bf193b6cd

Lignende annonser

Laster lignende annonser