Rådgivar/seniorrådgivar - jurist
Statsforvaltaren i Møre og Romsdal
6412 Molde, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Rådgiver
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 20. juli
Har du lyst til å jobbe med rettstryggleik og kvalitetsforbetring i helse- og omsorgstenestene? Er du opptatt av berekraftige helse- og omsorgstenester?
Vi har no ledig ei fast stilling som rådgivar/seniorrådgivar.
Stillinga ligg i verksemdsområde sosial berekraft og er plassert i seksjon for helse. Seksjonen har samspel med kommunane, spesialisthelsetenesta og andre regionale og nasjonale myndigheiter og kompetansemiljø. Vi har eit aktivt tverrfagleg og engasjerende arbeidsmiljø der du kan utvikle kompetansen din.
Som vår nye kollega vil du i hovudsak få ansvar for saksbehandling av klager på helse- og omsorgstenester og rettleiing til verksemder, helsepersonell og pasientar/pårørande samt tilsyn. Du vil bli del av eit stort juridisk fagmiljø i embetet.
Det er ønskjeleg, men ikkje eit krav, at du har erfaring frå saksbehandling innan offentleg forvaltning, spesielt frå kommunale helse- og omsorgstenester. Også nyutdanna er velkomne til å søkje.
Kvifor skal du velje Statsforvaltaren i Møre og Romsdal?
Vi kan freiste med ei stilling der du jobbar med samfunnsaktuelle saker i ei verksemd som haustar stor tillit i befolkninga. Du får jobbe tverrfagleg med kollegaer frå andre fagområde, og i eit arbeidsmiljø der du kan planlegge din eigen arbeidsdag.
Bli betre kjent med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. https://www.statsforvalteren.no/more-og-romsdal/.
Les meir om godane ved å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise)
Vi bruker som hovudregel nynorsk som skriftspråk. Den som vert tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg.
Utviklinga av organisasjonen vår er ein kontinuerleg prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Har du ei funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla om du set kryss for dette når du søkjer stillinga. Du kan lese meir om dette på arbeidsgivarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling).
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt. Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er satt i utlysinga.
Det er viktig at du registrere all relevant utdanning og erfaring i profilen du opprettar i rekrutteringssystemet (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er mellom anna nødvendig for å ivareta kravet om fullstendig søkjarliste.
Relevante vitnemål og attester lastar du opp. Vitnemål og/eller karakterutskrifter kan du gjerne hente frå vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning frå NOKUT/Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Vedlegg lastar du opp i PDF-format.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfristens utløp. Om du ønskjer å reservere deg frå den offentlege søkjarlista, må du grunngje dette særskilt. For at vi skal kunne vurdere ønskjet ditt om reservasjon, må du grunngje konkret kva for ulempe det vil ha for deg å stå på den offentlege søkjarlista. Du vil bli varsla om ønsket ditt ikkje vert tatt til følgje. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du som søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25.
Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket. Vi har ansvaret for å informere om statleg politikk og sette handlingsplanar ut i livet. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Dette gjeld innan kommuneøkonomi og forvaltning, sosial- og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap, helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Vi er ein kompetansearbeidsplass med om lag 150 medarbeidarar som jobbar for visjonen vår «Trygg framtid for folk og natur».
Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med rekrutterande leiar Karin Brigitte Müller Mikaelsen på telefon (Norge +47) 41495351.
Søknadsfrist: 20. juli 2025

Til å utføre desse oppgåvene søkjer vi etter deg som
- har mastergrad i rettsvitskap/juridisk embetseksamen (cand. jur.)
- har eit godt og klart språk når du skriv og snakkar norsk
Det er ønskjeleg, men ikkje eit krav, at du har erfaring frå saksbehandling innan offentleg forvaltning, spesielt frå kommunale helse- og omsorgstenester. Også nyutdanna er velkomne til å søkje.
Kva ser vi etter hos deg?
- Du samarbeider godt og evner å dele kompetansen din.
- Du kan arbeide effektivt og systematisk innafor gitte tidsfristar.
- Du er fleksibel og har evne til å omstille deg.
- Du har god samfunns- og rolleforståelse og interesse for god offentleg forvaltning.
Kvifor skal du velje Statsforvaltaren i Møre og Romsdal?
Vi kan freiste med ei stilling der du jobbar med samfunnsaktuelle saker i ei verksemd som haustar stor tillit i befolkninga. Du får jobbe tverrfagleg med kollegaer frå andre fagområde, og i eit arbeidsmiljø der du kan planlegge din eigen arbeidsdag.
Bli betre kjent med Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. https://www.statsforvalteren.no/more-og-romsdal/.
Hos oss får du
- ein utfordrande jobb i eit utviklande og godt fagmiljø
- ein stabil arbeidsgivar med fleksibel arbeidstid
- naudsynt opplæring i aktuelt regelverk og datasystem
- ein stabil arbeidsgivar med føreseieleg arbeidstid på kvardagar
- løn som 1434 rådgivar med lønsspenn frå kr 580.000,- til kr 685.000,- eller 1364 seniorrådgivar med lønsspenn frå kr 645.000,- til kr 750.000,-. Stillings- og lønsinnplassering avheng av erfaring og kvalifikasjonar. I særskilte tilfelle kan høgare løn vurderast. Stilling som seniorrådgivar har større ansvar og særskilte krav til kompetanse innanfor fagområdet
- tilsetting etter gjeldande lover, instruksar og reglement. Dei første seks månadene er prøvetid
- medlemskap i ei av landets beste pensjonsordningar, Statens pensjonskasse (SPK). Vi trekker 2 prosent av løna di, og i tillegg betaler vi eit innskot til pensjonsordninga di. I SPK får du særs gode pensjons- og forsikringsordningar samt gunstige vilkår for lån til bustad (https://spk.no/Medlemskap-i-SPK)
- moglegheit for noko heimekontor når det er føremålsteneleg
- høve til å trene i arbeidstida
Les meir om godane ved å jobbe i staten på Arbeidsgiverportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/lonn-goder-og-reise)
Vi bruker som hovudregel nynorsk som skriftspråk. Den som vert tilsett må beherske norsk både skriftleg og munnleg.
Utviklinga av organisasjonen vår er ein kontinuerleg prosess, og den som vert tilsett må vere open for endringar i organisering, oppgåver og ansvarsområde.
Mangfald
Eit godt arbeidsmiljø er prega av mangfald. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til ei enda betre oppgåveløysing. Vi oppfordrar difor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje utan omsyn til alder, kjønn, funksjonsevne eller etnisk bakgrunn. Du er også velkomen til å søkje sjølv om du ikkje kan vise til ein samanhengande yrkeskarriere. Vi legg til rette for medarbeidarar som har behov for det.
Har du ei funksjonsnedsetting, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, kan du bli positivt særbehandla om du set kryss for dette når du søkjer stillinga. Du kan lese meir om dette på arbeidsgivarportalen (https://arbeidsgiver.dfo.no/positivsaerbehandling).
Praktisk informasjon om søknadsprosessen
Alle som søkjer stillinga må søkje digitalt. Når søknadsfristen går ut, vurderer vi søknaden din på bakgrunn av informasjonen du har sendt oss. Det er difor viktig at du både i søknadsbrevet og CV-en, viser korleis kompetansen din fyller krava som er satt i utlysinga.
Det er viktig at du registrere all relevant utdanning og erfaring i profilen du opprettar i rekrutteringssystemet (sjølv om du legg ved ein ferdigutfylt CV). Dette er mellom anna nødvendig for å ivareta kravet om fullstendig søkjarliste.
Relevante vitnemål og attester lastar du opp. Vitnemål og/eller karakterutskrifter kan du gjerne hente frå vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet, legg du ved godkjenning frå NOKUT/Direktoratet for høyere utdanning og kompetanse. Vedlegg lastar du opp i PDF-format.
Offentleg søkjarliste blir utarbeidd etter søknadsfristens utløp. Om du ønskjer å reservere deg frå den offentlege søkjarlista, må du grunngje dette særskilt. For at vi skal kunne vurdere ønskjet ditt om reservasjon, må du grunngje konkret kva for ulempe det vil ha for deg å stå på den offentlege søkjarlista. Du vil bli varsla om ønsket ditt ikkje vert tatt til følgje. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du som søkjar ber om anonymitet jf. offentleglova § 25.
Om oss
Statsforvaltaren er Kongen og Regjeringa sin fremste representant i fylket. Vi har ansvaret for å informere om statleg politikk og sette handlingsplanar ut i livet. Oppgåvene er i hovudsak rettleiing, tilsyn og klagebehandling retta mot enkeltpersonar, kommunar og bedrifter. Dette gjeld innan kommuneøkonomi og forvaltning, sosial- og familierettslege saker, samfunnstryggleik og beredskap, helse, utdanning, landbruk og miljøvern. Vi er ein kompetansearbeidsplass med om lag 150 medarbeidarar som jobbar for visjonen vår «Trygg framtid for folk og natur».
Har du spørsmål om stillinga? Ta gjerne kontakt med rekrutterande leiar Karin Brigitte Müller Mikaelsen på telefon (Norge +47) 41495351.
Søknadsfrist: 20. juli 2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b9b6ee1c-c656-44ee-a902-e0245f055c6b
- Hentet fra
sap
- Referanse
698 20. juli 2025