Psykisk helse og rus søker etter ny medarbeidar
Sunnfjord kommune Psykisk helse og rus
Sunnfjord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøterapeut
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. august
Psykisk helse og rus i Sunnfjord kommune er ei eining som er delt i fire soner. I Naustdal, på Vassenden, i Førde og på Sande.
Vi er ei eining som gjev tilbod om samtaleoppfølging og praktisk bistand til personar med psykisk helse- og rusutfordringa heimehøyrande i kommunen. Vi jobbar brukarnært og mange av brukarane våre treng til tider tett og kontinuerlig oppfølging, med trygge og føreseielege rammer.
Vi har eit tett samarbeid med jobbspesialistar.
I eininga er vi omlag 21 årsverk fordelt på dei ulike sonene. Dei tilsette innehar stor grad av fagleg kompetanse og er oppteken av å yte gode tenester. Vi jobbar i team, men mykje av arbeidet er også ein til ein oppfølging. Dette utløyser ein stor grad av sjølvstende i det daglege arbeidet og fordrar at ein er trygg på eigne avgjersle.
Vi ønsker å finne ein dyktig fagperson som kan bidra positivt inn i eininga vår. Vi håpar det er deg. Oppmodar menn om å søke, då vi ønsker å ha ei jamnare fordeling av kvinner og menn i eininga vår.
Vi har ledig følgande stilling:
Stillinga er i utgangspunktet turnusarbeid (dag/kveld og mogleg helg) og ligg til sone Førde. Grunna omorganisering vil vi også sjå på og vurdere om stillinga skal vere knytt til dagarbeid. Sunnfjord kommunen er i stadig utvikling og du må difor ta høgde for at det kan verte behov for endringar i arbeidstid og stad. Skulle det komme eit behov for arbeid i andre soner enn Førde, kan det verte aktuelt å jobbe der i kortare periodar.
Du må ta høgde for å måtte arbeide delar av tida i sone Sande i ein periode, då vi har redusert bemanning grunne foreldrepermisjon.
Krav til kvalifikasjonar:
- relevant høgskuleutdanning innan helse- og sosialfag
- gode munnlege og skriftlege kommunikasjonsferdigheiter på norsk
- førarkort klasse B
Det er ønskeleg med vidareutdanning innan feltet rus og rusproblematikk. Også vidareutdanning psykisk helsearbeid vert vurdert til å vere relevant. Relevant erfaring kan vurderast som kompensasjon for manglande vidareutdanning.
Vi legg vekt på at du:
- har gode samarbeidsevner
- er positiv, nysgjerrig og reflektert
- er strukturert
- er sjølvstendig og trygg
- er fleksibel og løysingsorientert
- bidreg positivt i arbeidsmiljøtet
Arbeidsoppgåver er mellom anna:
- oppfølging av tenestemottakar
- dokomentere i relevante fagsystem
- arbeide tett og tverrfagleg med samarbeidspartar
- bidra i fellesskap til planlegging og systematisering av arbeidsdagen
Vi tilbyr:
- engasjerte kollegaer og leiarar
- godt arbeidsmiljø
- faglege utfordringar
- god pensjon- og forsikringsordning
- kompetansetillegg for relevant vidareutdanning
Du søker elektronisk. Alle søkarar kjem på offentleg søkarliste, jf. offentleglova § 25. Fritak frå offentleggjering blir gjort unntaksvis og du må grunngje kvifor du skal unntakas offentlegheit i tekstfeltet til søknaden.
Velkomen som søkar, vi ser fram til å høyre frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b9975938-4948-439a-a644-00d27988cce9
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3527267_143429_nn