Assisterande rektor
Valle skule
Skulevegen 1, 6260 Skodje, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Assisterande rektor
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Valle skule lyser ut 100 % fast stilling som assisterande rektor, frå 01.08.25.
Stillinga er kombinert med omlag 80 % leiing og 20 % undervisning/vikar. Det er å pårekne at IKT oppgåver blir ein viktig del av stillinga.
Assisterende rektor skal ilag med rektor leie skulen på ein forsvarleg, faglig og pedagogisk måte i henhold til driftsavtale, lovverk og leiaravtale. Assisterande rektor, SFO leiar og rektor utgjer leiargruppa ved Valle skule/ SFO.
Valle skule vil ha omlag 112 elevar hausten 2025, der 45 av desse har plass på SFO. Valle skule er fulldelt, 7.trinn, med 11 - 20 elevar pr. trinn. Skulen ligg på Valle, i tidlegare Skodje kommune, med både fjord og fjell som næraste naboar.
Arbeidsoppgåver
- Står for den daglege drifta av eininga ilag med rektor og SFO leiar.
- Pedagogisk leiing og utviklingsarbeid.
- Organisasjonsutvikling
- Timeplanleggjing
- Vikaransvar
- Bindeledd mellom teama og leiinga.
- Økonomi, ressursar, budsjettering i samarbeid med rektor.
- IKT ansvar. Bidra til å utvikle skulen sitt digitale læringsmiljø og støtte både dei tilsette og elevane i bruk av IKT/ digitale verkty..
- Oppfølging av personalet.
- Oppfølging av elevsaker.
- Samarbeide med spes.ped.ansvarleg.
- Samarbeid med eksterne tjenester.
- HMS-arbeid, bygning, brannvern.
- Samarbeide med FAU
- Kartleggingar, undersøkelser og rapporteringer.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare pedagogisk utdanning.
- Det er ønskjeleg med godkjend eller påbegynt utdanning i skuleleiing.
- Ønskjeleg med erfaring frå skuleleiing.
- Det er ønskjeleg at søkjaren har god digital kompetanse, interesse for å utvikle skolen digitalt, og kjennskap til bruk av IPad, PC, programvarer, lisensar, IST, digitale tavler, KI m.m.
- Kjennskap til og erfaring med kommunale styringsverkty og datasystem, spes. Visma, IST, Acos websak.
- Kunnskap om lovverk knytt opp mot drift av skule.
- Erfaring med endringsprosesser og utviklingsarbeid.
- God på struktur, planlegging og problemløysing.
- Gode relasjons- og samarbeidsevner.
Personlege eigenskapar
- Skal du jobbe på Valle skule skal du ha eit positivt menneskesyn og vere god på å bygge relasjonar med både barn og vaksne.
- Du må ha stor arbeidskapasitet og kunne arbeide både sjølvstendig og i team.
- Du må vere lojal, ansvarsfull, fleksibel og engasjert.
- Du må vere fagleg oppdatert, og vere nyskjerrig på utvikling av skulen.
- Du må vere ein leiar som utviser tillit og tydelighet når det trengst, og ha empati og vise at du bryr deg om andre.
- Du har evne til å skape ein kollektiv kultur der alle bidrar
- Personlege eigenskapar/ egnethet vert vektlagt.
Vi tilbyr
- Eit svært godt arbeidsmiljø
- Stabilt, positivt og engasjert personale.
- 112 kjekke elevar.
- Ein flott skule, i ei flott bygd i ei flott kommune.
- Lønn etter avtale.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kontaktinformasjon
Håvard Valderhaug, Rektor, +47 99748995
Arbeidsstad
Skulevegen 1
6260 Skodje
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommune
Referansenr.: 4973032809
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.06.2025
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b982f089-def3-4464-bcc6-d66e217fdfc6
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ab983eb4b5d0423cae708f91c66fa5aa