Einingsleiar
Drift/teknisk divisjon/ Medisinsk-teknisk avdeling, Helse Bergen
Solheimsgaten 13, 5058 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Einingsleiar Medisinsk-teknisk avdeling
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i dag
Eining for behandlingshjelpemiddel har ansvar for utlån og forvalting av medisinsk-teknisk utstyr og tilhøyrande forbruksmateriell til pasientar som blir utskrevne med spesialisert heimebehandling.
Eininga er organisert med to seksjonar; Seksjon for kliniske fag og Seksjon for logistikk og verkstad. Vi arbeider i nært samarbeid og rapporterer som ei felles eining - BHM. Eininga har 37 tilsette totalt og omfattar både sjukepleiarar, merkantilt personell, ingeniørar, lagermedarbeidarar, sjåførar, assistentar og stab. Vi samarbeider for å finne dei gode løysingane for våre pasientar og for å sikre ei effektiv drift.
Vi arbeider mot heimebuande pasientar og deira interessentar, noko som gjer det viktig å ha forståing av heilskapleg behandling. Vi kommuniserer både direkte og indirekte med pasientar og deira nettverk/støtteapparat, og vi har ein glidande overgang frå dei kliniske avdelingane med høve for poliklinisk oppfølging hos oss. Vi tilbyr i tillegg våre pasientar ein heilskapleg teneste i form av vår bandasjistverksemd.
Du kan lese meir om oss: https://www.helse-bergen.no/avdelinger/driftteknisk-divisjon/medisinsk-teknisk-avdeling/behandlingshjelpemiddel/
Arbeidsoppgåver
- Sikre kvaliteten på tenestene i heile eininga
- Sikre at eininga drivast effektivt, og i tråd med lovar, reglar og målsettingar
- Personalansvar for stab og seksjonsleiarar
- Fagleg oppfølging ved eininga
- Økonomiansvar, budsjett og ressursstyring
- Strategisk leiing av eininga. Utvikling, samarbeid og prosjekt
- Overordna HMS-ansvar ved BHM
- Delta i leiargruppa ved avdelinga (Medisinsk-teknisk avdeling)
- Ansvar for brukarorientering og pasientkontakt
- Sørge for god kommunikasjon med klinikkar, leverandørar og andre interessentar
- Du må rekne med å reise en del på regionale og nasjonale forum for samarbeid
Kvalifikasjonar
- Utdanning på høgskule/universitetsnivå
- Må ha leiarerfaring med personalansvar
- Det er ein fordel med erfaring frå personaladministrative system
- Må ha gode datakunnskapar, og raskt kunne tileigne deg nødvendig kompetanse innanfor dei ulike systema som vi nyttar
- Det er ein fordel med kunnskap om og erfaring med heimebehandling eller liknande fagfelt
Personlege eigenskapar
- Du har evne til god kommunikasjon. Tydeleg både munnleg og skriftleg
- Du har god fagleg vurderingsevne og er allsidig i kunnskapen din
- Du evnar å prioritere i ein travel arbeidskvardag
- Du kan arbeide sjølvstendig og i tverrfaglege team
- Du er resultat- og løysingsorientert med god evne til gjennomføring
- Du har ei strukturert og systematisk arbeidsform
- Du er serviceinnstilt - du ønsker å utvikle tenesta i tråd med behova i framtidas helseteneste
- Du er fleksibel og evner raskt å ta på deg nye oppgåver
Vi tilbyr
- Ei utfordrande og spanande stilling ved eit av dei største sjukehusa i Noreg
- Eit stabilt arbeidsmiljø prega av stort mangfald både i utdanningsnivå, alder og profesjon (fag)
- Fleksibel arbeidstidsordning
- Pensjon og forsikringsvilkår i KLP
- Lønn etter avtale
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Kjell Grøndahl, Avdelingsleiar, 55974860, kjell.groendahl@helse-bergen.noArbeidsstad
Solheimsgaten 135058 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4874491638
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.11.2024
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2778453
- Hentet fra
talentech
- Referanse
94c50cd4c4194b88a9846c5dbe03e817