Driftssjef i Alsaker Fjordbruk
Alsaker Fjordbruk
5694 Onarheim, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Driftssjef i Alsaker Fjordbruk
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 8. august
Vil du ha ei nøkkelrolle i ei av dei mest spanande havbruksregionane i Noreg? Me søkjer ein handlekraftig og engasjert driftssjef til det overordna ansvaret for våre oppdrettslokalitetar i søre del av Sunnhordland.
Noverande driftssjef går over i anna stilling i konsernet – og me ser no etter hans etterfølgjar.
Om stillinga:
Som driftssjef får du ansvaret for den daglege drifta ved 8 lokalitetar. Du skal leie og utvikle eit solid team på om lag 30 faste tilsette, og sørgje for god koordinering, effektiv ressursbruk og god flyt i produksjonen. Rolla krev tydeleg leiing, operativ forståing og evne til å motivere andre.
Alsaker Fjordbruk er ein stor produsent av laks i området. Alle i organisasjonen har stort fokus på å oppnå gode resultat, både med omsyn til biologi og økonomi, og driftssjefen vert ein del av dette teamet.
Du vil bli ein del av eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse og stort engasjement.
Arbeidsoppgåver:- Ansvar for drift og produksjonsplanlegging
- Følgje opp arbeidsoperasjonar, vedlikehald og HMS
- Bidra til kontinuerleg forbetring og effektivisering
- Personalansvar, herunder koordinere, motivere og utvikle medarbeidarane
- Tett samarbeid med konsernleiing og andre avdelingar
- Leiarerfaring og/eller relevant utdanning innan akvakultur eller havbruk
- Evne til å tenkje heilskapleg, løysingsorientert med evne til tydeleg kommunikasjon
- Engasjement, handlekraft og motivasjon
- Trivst med ansvar og evnar å ta gode avgjerder
- Jobb i eitt av dei leiande private oppdrettskonserna i Noreg
- Ein organisasjon med høg kompetanse og dedikerte medarbeidarar
- Utfordrande arbeidsoppgåver i eit variert og hektisk miljø
- Konkurransedyktige vilkår og gode moglegheiter for vidare utvikling
Lønn og tiltreding etter avtale.
Søknader vert vurdert fortløpande. Endeleg søknadsfrist 8. august 2025.
Søk på stillingen via “søk på stilling” knappen på denne siden
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Alsaker Fjordbruk er eitt av dei leiande oppdrettskonserna i Noreg, når det gjeld produksjon av laks.
Fokuset vårt er å gjera det me er best på!
Dette betyr at me konsentrerer oss om produksjon av laks; Frå innlegg av rogn, til settefisk og vidare til matfisk og slakteri. Sluttproduktet vårt er sløyd, fersk laks i kassar for den internasjonale marknaden.
Aktiviteten vår har sitt utspring i Sunnhordland, nærare lokalisert til Onarheim i Tysnes kommune. Her kjem friskt brevatn frå m.a. Folgefonna og møter ein av Noregs rikaste fjordsystem – Hardangerfjordenwww.alsaker.no
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b964f2fc-f393-460c-a713-2537f8da4b7b
- Hentet fra
AMEDIA
- Referanse
4536083