Tilkallingsvikar kokk/kokkemedarbeidar Klipra og Rematun
Førebygging og meistring, Ålesund kommune
Fjellgata 42, 6003 Ålesund
Om jobben
- Stillingstittel
- Tilkallingsvikar som kokk/kokkemedarbeider
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 0%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 10. mai
Seniorsentra er møteplassar for seniorar og skal vere eit utgangspunkt for sosialt samvær, kulturelle opplevingar og fysisk aktivitet. Alle som kjem innom senteret skal bli møtt, sett og høyrt. Senteret har eit ope tilbod for alle som ønsker å ta turen innom og i tillegg eit tilbod om vedtaksbaserte dagplassar for dei som ikkje kan nytte senteret på eigahand. For meir informasjon sjå https://alesund.kommune.no/helse-og-omsorg/dagtilbod-og-aktivitetar/seniorsenter-og-dagtilbod-for-eldre/. Begge sentra er opne alle kvardagar på dagtid.
Vi søker no etter tilkallingsvikar som kokk/kokkemedarbeidar ved begge seniorsentra, til drift av kafeen på Klipra seniorsenter og Rematun ved Spjelkavik seniorsenter.
Fortløpande tilsetting.
Arbeidsoppgåver
- Møte alle besøkande på ein inkluderande måte
- Smøre og servere både frukost og smørbrød til sal i kafeen
- Oppvarming og servering av middag
- Administrere sal i kafeen og ansvar for dagsoppgjer
- Andre praktiske oppgåver knytt til drift av kjøkken/kafe
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som er kokk er en fordel, men ikkje eit krav.
- Fordel med relevant erfaring frå kafedrift.
- God fysisk helse.
- Gode datakunnskap.
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norske språkferdigheter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR).
Personlege eigenskapar
- Du er ein medarbeidar som kan stille deg bak verdigrunnlaget vårt; open, engasjert og modig.
- Du er positiv, fleksibel og løysingsorientert.
- Du er glad i å lage mat og serverer med eit smil.
- Du jobbar effektivt og sjølvstendig.
- Du er god på kommunikasjon og samhandling med andre.
- Du ønsker å jobbe med eldre og å bidra til at dei får ein god dag.
Vi tilbyr
- God opplæring.
- Eit godt arbeidsmiljø med spanande, aktive og utfordrande arbeidsoppgåver.
- Løn etter tariff.
Kontaktinformasjon
Solveig Kiperberg Viddal, Avdelingsleiar, 90825952Camilla Almås, Verksemdsleiar, +47 994 93 553
Arbeidsstad
Fjellgata 426003 Ålesund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ålesund kommuneReferansenr.: 5112557309
Stillingsprosent: 0%
Vikar
Søknadsfrist: 10.05.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Camilla Almås
Verksemdsleiar
+47 994 93 553
Solveig Kiperberg Viddal
Avdelingsleiar
90825952
Om bedriften
Ålesund kommune er den største kommunen mellom Bergen og Trondheim, og eit regionsenter for Nordvestlandet. Kommunen har rundt 58.000 innbyggarar. Området rundt byr på rike moglegheiter for et aktivt friluftsliv for alle, jakt og fiske, og kommunen har eit rikt og blomstrande kultur- og næringsliv. Ålesund er universitetsby og har landets største universitet, NTNU.
Kommunen er ein stor arbeidsgjevar med sine over 4.500 dyktige og engasjerte medarbeidarar som utfører viktige samfunnsoppdrag. I det daglege arbeidet vektlegg vi verdiane våre: open, engasjert og modig. Visjonen for kommunen er «nasjonal slagkraft, regional attraktivitet og lokal identitet».
Ønsker du ein meiningsfylt jobb med varierte og utfordrande oppgåver, er Ålesund kommune eit spennande alternativ.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b96410e0-58dc-4734-aa92-664f31f6ce90
- Sist endret
17. april 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0afe9b8830c84216a878520ad7f37764