Spesialrådgivar
Avdeling for rusmedisin/ AFR KoRus Vest Bergen, Helse Bergen
Kanalveien 5, 5068 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Spesialrådgivar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
KORUS Bergen er ein seksjon i Avdeling for rusmedisin i Helse Bergen. Vi er eit av sju regionale kompetansesentre innan rusfeltet i Noreg, finansiert av Helsedirektoratet. Gjennom ulike metodar bidrar vi til å utvikle og formidle rusfagleg kompetanse for å oppfylle nasjonale mål på rusfeltet. KORUS sin rolle er å vere «ei teneste for tenesta», det vil sei at målgruppa for arbeidet er medarbeidarar i kommunar og spesialisthelseteneste. Arbeidsfeltet spenn frå folkehelse/førebygging til tidleg innsats og behandling innan rusfeltet. Vi samarbeider med statsforvaltar, fylkeskommunen og kunnskapssentra i regionen og nasjonalt. KORUS Bergen har per dags dato 15 årsverk.
Ved KORUS Bergen, Avdeling for rusmedisin i Helse Bergen er det ledig 100% fast stilling som spesialrådgivar frå 06.05.2024. Arbeidsfeltet ved kompetansesenteret spenn frå folkehelsearbeid innan rusfeltet til rusførebygging, tidleg intervensjon og kompetanse i rusbehandling.
KORUS har fått i oppdrag frå helsedirektoratet å bidra til regionalt implementerings-, utviklings- og kvalitetssikringsarbeid av oppsøkande metodikk og overdoseførebyggande arbeid. Dette gjennom deltaking i nasjonale og regionale arbeidsgrupper, nettverkssamlingar, opplæring og andre former for implementering.
Arbeidsoppgåver
- Implementere strategiar, metodar og tiltak i kommunar og spesialisthelsejenesta
- Fremskaffe og formidle ny kunnskap på arbeidsfeltet
- Tilrettelegge og leie ulike nettverk
- Undervise og rettleie
- Koordinere/drifte utviklingsarbeid
- Den som blir tilsett vil få fagleg oppfølging og gode moglegheiter til eigen fagleg utvikling. Innhaldet i stillinga vil kunne endre seg i tråd med endringar i interne behov, og/eller gjennom oppdraget frå Helsedirektoratet. Det blir forventa at den som blir tilsett bidrar aktivt til at KORUS Bergen sin samla oppgåveportefølje blir utført
- Stillinga inneber reiseaktivitet
Kvalifikasjonar
- Relevant helse/sosialfagleg utdanning på masternivå
- Omfattande kommunal praksis
- Erfaring frå relevant forskings- og/eller utviklingsarbeid
- Erfaring med undervisningsarbeid
- Erfaring med implementeringsarbeid i kommunar/tenester
- Særs god munnleg og skriftleg formidlingsevne
- Oversikt over, og kunnskap om fagfeltet/ kommune og spesialisthelsetenesta
Personlege eigenskapar
- Initiativrik og med god gjennomføringsevne
- Gode samarbeidsevner og evne til å jobbe sjølvstendig
- Strategisk, systematisk og målretta
- Engasjement og evne til utvikling og omstilling
- Personleg egnethet vil bli vektlagt
Vi tilbyr
- 100% fast stilling
- Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling
- Spennande arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg og utviklingsretta kompetansemiljø
- Positive og engasjerte kollegaer
Mangfaldserklæring
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
Kontaktinformasjon
Solveig Storbækken, Seksjonsleiar, 91664063Arbeidsstad
Kanalveien 55068 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4783390800
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.04.2024
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har over 14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2595121
- Hentet fra
talentech
- Referanse
81fb3fe51d354b5a862711b5fac2a6c4