Hopp til innhold

Energikonsulent - i skjæringspunktet mellom sjukehus og idrett 

Arbeidsgiver

Barne- og ungdomsklinikken/ Energisenteret for barn og unge, Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Energikonsulent
Type ansettelse
Fast, deltid 20%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest onsdag 9. desember

Energisenteret for barn og unge (Energisenteret) skal vere knutepunktet for fysisk aktivitet for barn og unge med særskilde behov, og huser aktivitet på tvers av klinikkar og avdelingar på Haukeland universitetssjukehus. I senteret er eit mål at barn og unge skal få lyst til å vere fysisk aktive, trivast på trening og oppleve fellesskap med kvarandre. Alle som har relasjon eller oppgåver knytt til primærbrukarar kan også nytta senteret. Det kan vere familie, venner, helsepersonell, brukargruppar, idrettslag, lærarar, trenarar, forskarar og studentar. Senteret skal invitere til samarbeid med kommunale etatar, idrettslag, pasientorganisasjonar og forskingsmiljø.

No har vi ledig 20% fast stilling som Energikonsulent. Oppstart 04.01.2027. Ein Energikonsulent skal gje barn og unge tilknytta sjukehuset auka moglegheit for fysisk aktivitet og meistring individuelt eller saman med jamnaldrande. Primæroppgåva er å møte pasient og føresette i konsultasjon, finne og kontakte aktuelt idrettstilbod i deira nærmiljø og ved behov følge ut i aktivitetstilbodet ei kort periode. Energikonsulent er eit tilbod på tvers av somatikk og psykiatri, og du må evne å møte barn, unge og vaksne i ein sårbar situasjon. Periodevis må det påreknast andre oppgåvar innanfor stillingsprosent, og det vil vere mogleg å ta på seg ledige vaktar som basseng- og kinovert. Du vil mellom anna jobbe i team med ein koordinator og to andre Energikonsulentar.

Det må påreknast arbeid på ettermiddag/kveld for oppfølging av aktivitetar. Gyldig politiattest må framleggast før tiltreding. Tilstrekkelig med opplæring vil bli gitt.


Arbeidsoppgåver

  • Pasientoppfølging som beskrive over
  • Rapportering og oppfølging i journal
  • Vere tilgjengeleg for aktuelle fagmiljø innan somatikk og psykatri
  • Forefallande arbeid på senteret ved kapasitet

Kvalifikasjonar

  • Det er ein fordel med arbeidserfaring frå helsetenesta og/eller idretten
  • Det er ønskeleg med 180 studiepoeng (bachelorgrad) innan helse-/sosialfaglege eller idrettsfaglege emne
  • Det er ønskeleg med erfaring frå arbeid med barn og unge

Personlege eigenskapar

  • Evne til å møte barn, unge og deira foreldre med varme og respekt
  • Initiativrik, ansvarsfull og evne til å arbeide sjølvstendig
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Evne til å motivere og begeistre
  • Trivast med fysisk aktivitet
  • Personleg eignaheit vil verte vektlagt

Vi tilbyr

  • Lønn iht gjeldande overeinskomst
  • Ein spennande og utfordrande jobb i eit aktivt miljø med ulike pasient- og yrkesgruppe
  • Moglegheit for å påverke framtidast pasientbehandling i skjæringspunktet mellom sjukehus, kommune og idrett

 

Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Connie Mjåtvedt Aspevoll, Assisterande seksjonsleiar, 98414708

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 Bergen

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5215137325
Stillingsprosent: 20%
Fast
Søknadsfrist: 09.12.2026

Kontaktperson for stillingen

Connie Mjåtvedt Aspevoll

Assisterande seksjonsleiar

98414708

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b9457900-b586-4b4a-a04a-9bc965889111

Sist endret

27. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

5c3f7ad4d828421a8286fa72ba68a2b9

Lignende annonser

Laster lignende annonser