Vikariat Spesialergoterapeut/ ergoterapeut
Barne- og ungdomsklinikken/ Habiliteringstenesta for barn og unge, Helse Bergen HF
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
- Oppstart
- 1. mars 2027
- Stillingstittel
- Vikariat Spesialergoterapeut/ ergoterapeut
- Type ansettelse
- Vikariat, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 2. desember
Til saman er vi 36 høgkompetente medarbeidarar som blir motivert av teamarbeid og som brenn for å gje barn og unge ein betre kvardag. Vi har eit tett samarbeid med kommunehelsetenesta og ein stor del av samfunnsoppdraget vårt er rettleiing og opplæring av ressurspersonar kring barnet.
Vi har fra mars 2027 ledig 100% vikariat for spesialergoterapeut/ergoterapeut i eitt år. Vi søker deg som har erfaring i frå arbeid med barn med omfattande funksjonsvanskar, og som ønsker å gjere ein forskjell for desse.
Vedkommande som får tilbod om tilsetting må legge fram merknadsfri politiattest (vandel). Jfr Lov om helsepersonell §20A.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegging og behandling av pasientar i henhald til pasientforløp, prosedyrar og oppfølgingsprogram (t.d CP og ved nevromuskulære sjukdommar)
- Kartlegge funksjon i daglege aktivitetar og vurdere behov for trening, tiltak og tilrettelegging
- Vurdere finmotorikk, handfunksjon og gode utgangsstillingar for aktivitet
- Vurdere behov innan habilitering og rehabilitering, planlegge og gjennomføre behandlingstiltak
- Støtte og rådgiving til barn, ungdom og foreldre
- Planlegge og gjennomføre ergoterapitiltak ved intensiv habilitering og rehabilitering
- Rettleiing til - og samarbeid med lokale fagpersonar
Kvalifikasjonar
- Kompetanse på tiltak retta mot medfødde og erverva funksjonsnedsettingar
- Erfaring med kartleggingsreiskap for barn og ungdom
- Erfaring frå arbeid med habilitering og rehabilitering av barn og ungdom
- God formidlingsevne, munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du har evne til å sjå ressursen i barna og omgjevnadane
- Du har eit godt lag med folk og får fram det beste i dei, både pasientar og kollegaer
- Du kan jobbe sjølvstendig og strukturert og utvise stor grad av ansvarlegheit
- Du fremmer eige fag samstundes som du er lydhøyr for andre i eit tverrfagleg team
- Du trivast i eit aktivt og travelt miljø og likar varierte arbeidsoppgåver og utfordringar
- Du er ein fleksibel og omgjengeleg lagspelar med god arbeidskapasitet
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet og for å jobbe med barn og ungdom
Vi tilbyr
- Ein arena for læring og utvikling i lag med kompetente og spesialiserte fagpersonar
- Tverrfagleg samarbeid og ein heilskapleg tilnærming til barn og unge
- Eit arbeidsmiljø med høgt fagleg nivå, engasjerte kollegaer og tydeleg pasientfokus
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Tonje Håvardstun, Konstituert seksjonsleiar, 477 66 354, Tonje.Havardstun@helse-bergen.noArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Bergen HFReferansenr.: 5211156476
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 01.03.2027
Sluttdato: 29.02.2028
Søknadsfrist: 02.12.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
acf719ed-9353-437c-bbb6-a41c75f142a9
- Sist endret
19. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d270706446ad44788e80bc3527f500d2