Hopp til innhold

Medarbeidar til sommaraktivitet

Arbeidsgiver

Høyanger kommune Høyanger kommune

Sted

August Gunnarskogs gate, 6993 Høyanger

Om jobben

Type ansettelse
Feriejobb, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest i overmorgen

BUA i Høyanger kommune søkjer etter ein «friskus» til å skape sommarferieaktivitet for born og ungdom i kommunen i tidsrommet  29.06.26 – 31.07.26 (5) veker). Søkjarar må vere over 18 år og kunne jobbe heile perioden.

Har du lyst å bidra til å skape gode sommarminner for born og ungdom i Høyanger kommune? Er du ein trygg, aktiv og litt sporty vaksenperson? Då er du kanskje den vi søkjer.

 

Arbeidsoppgåver :

  • Gjennomføring av aktivitetar og arrangement rundt om i kommunen med utspring frå BUA Høyanger og utstyret som finst der.   
  • Utlån av sports- og friluftsutstyr 
  • Vedlikehald av utstyr
  • Bruke digitalt utlånssystem, samt bidra til å løyse øvrige oppgåver i BUA Høyanger.
  • Køyre bil for henting og levering av utstyr
  • Bli med å marknadsføre tilbodet
  • Andre oppgåver i kultur og mangfald
  • Samarbeide med kino, bibliotek og integreringstenesta om felles aktivitetar

 

Kvalifikasjonar :

  • Vi søkjer trygge og ansvarsbevisste personar som er fleksible og som tar initiativ
  • Ønskeleg at søkjarar har erfaring frå sport og/eller friluftsaktivitet.
  • Har gode samarbeidsevner, er initiativrik og løysingsorientert
  • Må kunne jobbe sjølvstendig
  • Førarkort klasse B
  • Du er kanskje i gang med studiar på høgskule eller universitet og brenn for faget ditt.
  • Personlege eigenskapar blir vektlagt

 

Vi tilbyr

  • Løn etter tariff
  • Godt arbeidsmiljø
  • Opplæring og rettleiing.
  • Moglegheit til å påverke eigen arbeidskvardag.
  • Ein lærerik sommarjobb med veker fylt med ansvar, kreativitet, aktivitet og mykje glede!

Det er krav om politiattest for den som blir tilsett.

 

Les meir om BUA Høyanger og kulturtilboda til kommunen her;

https://www.bua.no/utlansordninger/bua-hoyanger

For spørsmål om stillinga, kontakt einingsleiar for kultur og mangfald Jeanette Friis Walsvik på telefon 90076139

 

Vil du vite meir om korleis det er å jobbe i BUA og elles i tenesteområdet kultur og mangfald? Kontakt folkehelsekoordinator Kristina Skogly på telefon 41412629 og høyr hennar erfaringar.

Lurer du på kva du kan gjere på fritida i Høyanger kommune? https://hoyanger.friskus.com/events

Vi gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Ønskje om å verte unntatt offentlegheit må handsamast i tråd med reglane i offentleglova


Link til søknadsskjema: Søk her

Kontaktperson for stillingen

Einingsleiar Jeanette Wølke Friis Walsvik

+47 90076139

jeanette.wolke.friis.walsvik@hoyanger.kommune.no

Om bedriften

Høyanger kommune er ein langstrakt kommune som ligg på begge sider av Sognefjorden i Vestland fylke. Kommunen er ein kraft- industri og jordbrukskommune i storslagen og vakker natur: Fjell, fjord, vatn, elvar og skog. Kommunen har ca 4000 innbyggjarar der ca 2000 bur i tettstaden Høyanger. Det er gode oppvekstvilkår med gode skule- og barnehagetilbod samt variert fritidstilbod innan idrett og musikk. Vi har gode anlegg for innandørs-, sommar- og vinteridrett. For meir informasjon sjå www.hoyanger.kommune.no

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b925fb7f-facc-48bb-a339-ce591dd94936

Sist endret

19. mars 2026

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3608595_140387_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser