Hopp til innhold

Diakon og kyrkjelydspedagog (100 % fast stilling)

Arbeidsgiver

Nord-Fron kyrkjelege fellesråd

Sted

Nedregata 54, 2640 Vinstra

Om jobben

Stillingstittel
Diakon og kyrkjelydspedagog (100 % fast stilling)
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest mandag 24. august

Vil du arbeide med menneske, tru og fellesskap i ei levande kyrkje? Nord-Fron kyrkjelege fellesråd lyser no ut ei spennande og meiningsfull stilling som kombinerer diakoni og kyrkjeleg undervisning. 
Stillinga er delt, 50 % er diakon og 50 % er kyrkjelydspedagog. Vi ønskjer oss ein engasjert medarbeidar som vil vere med og utvikle kyrkjelydslivet i dei fire sokna Kvam, Kvikne, Skåbu og Sødorp. 
Fellesrådet har vedtekne planar for både diakoni og kyrkjeleg undervisning og læring i dei fire sokna. 
Planarbeid og evaluering av tiltaka er ein naturleg del av stillinga. 


Arbeidsoppgåver

Som diakon vil du:
  • leie og utvikle kyrkjelyden si diakoniteneste.
  • arbeide førebyggjande og oppsøkjande overfor menneske som treng støtte og omsorg
  • bidra til å styrkje fellesskap og diakonal haldning i kyrkja og lokalsamfunnet.
  • rekruttere, rettleie og følgje opp frivillige i det diakonale arbeidet.
  • delta i sorgarbeid og sjelesorg.
  • medverke i gudstenester og kyrkjelege handlingar
  • halde andaktar ved Sundheim bu- og treningssenter.
  • dersom du har eit positivt forhold til song og musikk, er det ein fordel, men ikkje eit krav

Som kyrkjelydspedagog vil du:

  • vere ein pådrivar i kyrkjeleg undervisning og læring for barn og unge (0–18 år)
  • vere med i konfirmantarbeidet.
  • planleggje og gjennomføre undervisning og tiltak i tråd plan for kyrkjeleg undervisning og læring.
  • bidra til at barn, unge og familiar deltek aktivt i kyrkjelyden
  • samarbeide med barnehagar, skular og andre samarbeidspartnarar, samt rekruttere og følgje opp frivillige medarbeidarar

Kvalifikasjonar

  • Søkjarar må være medlem av Den norske kyrkja
  • Godkjend utdanning som diakon og/eller pedagog (eller anna relevant utdanning). Utdanning som diakon i samsvar med «Tenesteordning med kvalifikasjonskrav for diakonar», vedteken av Den norske kyrkja.
  • Søkjarar med anna relevant utdanning blir også oppmoda om å søkje, og kan tilsetjast som diakonimedarbeidar inntil kvalifikasjonskrava for diakon er oppfylte. I slike tilfelle vil det bli lagt til rette for å gjennomføre nødvendig utdanning innan avtalt tidspunkt.
  • Erfaring frå helse- og sosialfagleg arbeid, frivillig arbeid og/eller kyrkjeleg verksemd er ønskjeleg.
  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner, og motivasjon for å arbeide tverrfagleg.
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og i samarbeid med stab, frivillige og samarbeidspartnarar
  • Engasjement for kyrkja sitt arbeid og oppdrag
  • Personleg eignaheit vil bli tillagt stor vekt
  • Gode digitale ferdigheiter.
  • Du må ha førarkort og tilgang til eigen bil

Vi tilbyr

  • ei variert og meiningsfull stilling
  • eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer
  • høve til å vere med og forme og utvikle arbeidet
  • spennande arbeidsoppgåver som gir den gode moglegheiter til fagleg og personleg utvikling
  • arbeidstid i samsvar med gjeldende avtaleverk, med noko kvelds- og helgearbeid
  • løn etter gjeldande tariffavtale (KA) og pensjonsordning i KLP.
  • tilsetjing hos en viktig samfunnsaktør i utvikling

Tilsetjing
Tilsetjing skjer i Nord-Fron kyrkjelege fellesråd. Stillinga har kyrkjeverja som næraste leiar, og arbeidet skjer i samarbeid med prestane og resten av staben.
Det må leggjast fram politiattest (barneomsorgsattest).

Kontaktinformasjon

Morten Hagen, Kyrkjeverje, 975 36 584

Arbeidssted

Nedregata 54
2640 Vinstra

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Nord-Fron kyrkjelege fellesråd

Referansenr.: 5158878703
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 24.08.2026

Kontaktperson for stillingen

Morten Hagen

Kyrkjeverje

975 36 584

Om bedriften

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b90af448-ad46-4c38-bb6e-a1e048f40e7f

Sist endret

29. juli 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

4ba1a7970a1b457f9ca34c1f84c78053

Lignende annonser

Laster lignende annonser