Spennande stilling som sjukepleiar
Kirurgisk sengepost, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar Kirurgisk sengepost
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 2. juni
Er du klar for ein kvardag med høgt tempo, fagleg utvikling og eit sterkt fellesskap? Då kan dette vere stillinga for deg!
Kirurgisk/ØNH/auge sengepost ved Førde sentralsjukehus (FSS) har 17 sengeplassar og tek imot både elektive pasientar og augeblikkeleg hjelp innan eit breitt spekter av kirurgiske fagfelt:
- Augekirurgi👁
- Endokrinkirurgi🧠
- Gastrokirurgi 🍽
- Karkirurgi🫀
- Plastikkirurgi🧬
- Thoraxkirurgi🫁
- Urologi💧
- Øyre-nase-hals-kirurgi (ØNH)👂
Vil du bli ein del av vårt team?
Send inn søknad i dag og bli med på å forme framtidas kirurgiske behandling ved FSS!
Arbeidsoppgåver
- Pre og postoperativ sjukepleie, akutt sjukepleie, palliasjon
- Prosedyrer knytt til dei ulike fagfelta
- Medikamenthåndtering
- Dokumentasjon og rapportering
- Tverrfagleg samarbeid
- Samhandling med kommunehelsetenesta
Kven er du?
Vi ser etter deg som:
- Er norsk autorisert sjukepleiar
- Har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- Har interesse for kirurgiske fag og varierte oppgåver
- Har kirurgisk erfaring/kompetanse innanfor fagfelta gastro (stomi), urologi, plastikk, karkirurgi, thorax, øyre/nase/hals (tracheostomi) og auge.
- Har medisinsk teknisk kunnskap og IT- kompetanse, fordel å ha kunnskap om programma DIPS Arena, IMATIS, Meona og Orbit
Personlege eigenskapar
- Tilpassingsdyktig
- Ansvarsbevisst
- Gode kommunikasjonseevner
- Vere ein god teamarbeidar
- Må trivast i eit aktivt og travelt miljø
- Sjølvstendig
Kva kan vi tilby deg
- Ein variert og spennande arbeidskvardag med mange prosedyrar og utfordringar
- Eit sterkt fagmiljø med høg kompetanse, fokus på kvalitet og fagleg utvikling
- Inspirerte og dyktige kollegaer som er gode på samarbeid og trivst i lag
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Linn Beate Årnes, Seksjonsleiar, +47 952 06 487Arbeidssted
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 4971320457
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 02.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Linn Beate Årnes
Seksjonsleiar
+47 952 06 487
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2945013
- Hentet fra
talentech
- Referanse
14b45e65d89947869a321a38014a2b01