Ledige stillingar som barnehagelærar ved Lalm barnehage
Lalm Barnehage
Vågå
Om jobben
- Oppstart
- Etter avtale
- Stillingstittel
- Barnehagelærer
- Type ansettelse
- Annet, heltid 100% og deltid 100%
- Arbeidstid
- Dagtid, ukedager
Søk på jobben
Søk senest søndag 3. mai
Alle barn og unge i Vågå skal oppleve at dei har eit trygt, godt og inkluderande oppvekst- og læ ringsmiljø for å unngå at dei fell utanfor i skule, barnehage og på fritida. Vågå kommune skal ha ein solid kultur for inkludering og fellesskap for alle barn gjennom gode oppvekstvilkår og gode arenaer for læring og utvikling .
(Handlingsplan for førebygging og tidleg innsats i Vågå).
Lalm barnehage er ein tre-avdelingsbarnehage som ligg ca. 12 km øst for Vågåmo sentrum.
Avdelingane er: Humlebolet 1 åringar, Revehiet 2 åringar og Bjørnehiet 3-5 åringar.
For neste barnehageår har vi ledig desse stillingane ved Lalm barnehage:
-
100% fast stilling som barnehagelærar/pedagog.
-
Inntil 100% svangerskapsvikariat som barnehagelærar/pedagog.
-
Vere aktiv i relasjonsarbeidet med barna.
-
Ha medansvar for endrings -- og utviklingsarbeid i barnehagen.
-
Vere observant, inkludere barn i leik og støtte barna i sosialt samspel.
-
Bidra aktivt til eit nært samarbeid mellom heim og barnehage.
-
Samarbeide tett med kolleger om å løyse barnehagen sine oppgåver.
-
Vere aktiv i planlegging og gjennomføring av leik, aktivitetar og rutinar.
-
Gjennomføre foreldresamtaler.
-
Arbeide i tett tospann med pedagogisk leiar.
Kvalifikasjonar
-
Bachelor som barnehagelærar.
-
Anna relevant pedagogisk eller barnefagleg utdanning kan òg bli vurdert.
-
Kunne kommunisere godt både munnleg og skriftleg.
-
Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar Vi verdsett mangfald, ønskjer at du tek ansvar og bidreg i utviklinga av barnehagen.
Vi ser etter ein person som:
-
Har evne til å ha ansvar i pedagogisk arbeid i barnegruppa.
-
Er ein trygg og god rollemodell for barna i leik og sosialt samspel.
-
Har gode samarbeidsevner og kan samarbeide godt i team.
-
Kan arbeide sjølvstendig og i lag med andre i arbeid mot felles mål.
-
Har eit glødande engasjement for barna.
-
Er kunnskapssøkande, oppteken av fagleg utvikling og vidareutvikling av barnehagen.
-
Ønskjer å bidra til utvikling gjennom refleksjon og forbetring av praksis.
-
Har uteglede og har evne til å inspirere barna i natur og uteaktivitetar.
-
Eit godt arbeidsmiljø.
-
Kunne påverke eigen arbeidskvardag og barnehagen sin faglege utvikling.
-
Fine lokal og uteområde med stor variasjon der barna opplev meistring.
-
Lønn etter sentrale avtaler og Vågå kommunes lokale avtaler.
-
God pensjonsordning.
Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av dei gjeldande lover, reglar og avtaler.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Lalm barnehage er ein tre-avdelingsbarnehage som ligg ca. 12 km øst for Vågåmo sentrum.
Avdelingane er: Humlebolet 1 åringar, Revehiet 2 åringar og Bjørnehiet 3-5 åringar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b8e35ab7-0f71-4982-beaf-86e1c856f6ad
- Sist endret
24. april 2026
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
b8e35ab7-0f71-4982-beaf-86e1c856f6ad