Undervisningsstilling i fransk, norsk og markedsføring og ledelse- vikariat.
OPK-OL - Olsvikåsen vgs, Vestland fylkeskommune
Olsvikåsen 152, 5183 Olsvik
Om jobben
- Oppstart
- 1. august 2026
- Stillingstittel
- Undervisningsstilling i fransk, markedsføring/ledelse og norsk - vikariat
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 90%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest torsdag 21. mai
Olsvikåsen videregående skole ligg vakkert plassert ved foten av Lyderhorn, sentralt i Bergen vest og med gode busstilbod til Askøy, Sotra og Bergen. Skulen legg vinn på å vere framtidsretta, samfunnsorientert og fagleg oppdatert og vi siktar oss heile tida inn på å ha eit trygt og utviklande lærings- og arbeidsmiljø.
På Olsvikåsen vgs er nærleik er eit kjerneomgrep. Det er kort veg mellom alle instansar på skulen vår. Det skal vere lett å få kontakt med den ein treng og ein skal bli møtt med respekt og få god oppfølging. Vi skal ha tette og nære relasjonar til kvar enkelt elev og ei god kollegial lagånd der vi raust deler med kvarandre og verdset eit godt samarbeid.
Du kan lese meir om oss her.
Arbeidsoppgåver
Vi søkjer etter vikarar i følgande stillingar:22,58% fransk
28,23% markedsføring og ledelse
90% norsk (inklusiv kontaktlærarfunksjon)
Kvalifikasjonar
- Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, minimum 60 studiepoeng
- Den som skal tilsettast må legge fram politiattest
- Undervisningskompetanse i fleire fag i vidaregåande skule er ei føremon
Personlege eigenskapar
- Er målretta, systematisk og løysingsorientert
- Er positiv, initiativrik og engasjert, og som har gode kommunikasjonsevner
- Set eleven si læring og utvikling fremst, og som vil skape gode relasjonar og læringsmiljø saman med andre
Vi tilbyr
- Eit aktivt og stimulerande fagmiljø
- Ein arbeidsplass der deling og samarbeid er ein viktig del av kulturen
- Løn og lønsutvikling i tråd med Vestlands fylkeskommune sin lønspolitikk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Andre opplysninger
Kontaktinformasjon
Anne Jordalen, avdelingsleiar, 55511415, anne.jordalen@vlfk.noArbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 5125262932
Stillingsprosent: 90%
Vikar
Startdato: 01.08.2026
Sluttdato: 31.07.2027
Søknadsfrist: 21.05.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b8dfe1ce-6ac0-4b57-9bde-62722d00eef7
- Sist endret
11. mai 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cd11174207384f898e204538a87e6650