100% vikariat som barnehagelærar i Askedalen barnehage.
Askedalen barnehage AS
Askedalen 1 , 6863 Leikanger, Vestland, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Askedalen Barnehage har ledig 100% vikariat som barnehagelærar.
Stillingstittel
Barnehagelærer
Oppstart
11. august 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. juni
Send søknad til
Hva vi ser etter
Du må vere barnehagelærar eller ha anna relevant utdanning.
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Barnehagefagleg, engasjert og kreativ.
Gode samarbeidsevner og fleksibel.
God relasjons- og leikekompetanse, med fokus på barnets beste.
Arbeidsoppgaver
Som barnehagelærar vert du del av vårt pedagogiske team, med arbeidsstad på ei av våre avdelingar. Pedagogisk leiar vert din næraste overordna og stillinga kan innebere spesialpedagogisk hjelp til einskildbarn. Kvalifikasjonar avgjer ansvarsområde.
Satsingsområde hjå oss:
· Inkluderande barnehagemiljø
· Tidleg og god språkopplæring
· Livsmeistring- Robuste barn og unge
· Overgang barnehage-skule
· Rettleiing
· Praksisbarnehage som tek imot studentar frå Høgskulen på Vestlandet
Vi tilbyr
I Askedalen barnehage møter du engasjerte og stødige arbeidskollegaer som ønskjer å vere i utvikling. "Det vi vil det får vi til". Fleksibilitet, rausheit og stabilitet er stikkord for vårt gode arbeidsmiljø.
Me tilbyr løn og pensjonsordningar gjennom PBL sin tariff.
Prøvetida er 6 månader og politiattest må leggast fram før tilsetjing.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Askedalen barnehage AS er privat og held til på Leikanger i Sogndal kommune.
Barnehagen har 2 einingar, med tilbod til barn i alderen 1-6 år. Barnehagen opna i november 2008 og har plass til 34 barn.
Barnehagen ligg i sentrum mellom Vestland fylkeskommune, Statens Vegvesen og Statens Hus. Med fjord og strand, store naturområde, arbeidsplassar, bibliotek, butikkar, fleirbrukshall og med kort avstand til både skule og sjukeheim, har me store mogelegheiter for rike opplevingar med barna.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2944954
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
b8c5c35a-a945-4abc-832b-8489f4728a7b