Hopp til innhold

Ledige undervisningsstillingar

Arbeidsgiver

Oppvekst, kultur og idrett (OKI), Bømlo kommune

Sted

Kulturhusvegen 22, 5430 Bremnes

Om jobben

Stillingstittel
Ledige undervisningsstillingar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 15. mars

Vil du vera med å støtta elevane i Bømloskulen si læring og utvikling – fagleg, sosialt og personleg? 

Bømlo kommune har ledige undervisningsstillingar frå 01.08.2026. Me ser etter lærarar som vil bidra til å skapa gode og trygge læringsmiljø, som set elevane i sentrum og som er motivert til å gje dei best mogleg opplæring. Me ser fram til å ha deg med på laget i Bømloskulen!

Stillingane vil i hovudsak vera årsvikariat/vikariat i heiltids- og deltidsstillingar. Det er enno ikkje avklart på kva barneskular og ungdomsskular det vil bli ledige stillingar. Du vil likevel i søknaden få spørsmål om på kva skule du ynskjer stilling, og her kan du nemne fleire skular om du vil.

Meir utfyllande informasjon om dei åtte grunnskulane i Bømlo; Bremnes ungdomsskule, Svortland skule, Moster skule, Meling skule, Rubbestadneset skule, Hillestveit skule, Våge skule og Gilje skule, finn du på heimesida til Bømlo kommune.


Arbeidsoppgåver

  • Undervisning i barneskulen og/eller ungdomsskulen.
  • Kontaktlærar/faglærar/spesialpedagog. 
  • Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga avhengig av den tilsette sin kompetanse og interesser. Endringar i arbeidsområdet må kunne påreknast. 

Kvalifikasjonar

  • Godkjent lærarutdanning og undervisningskompetanse i minst eit av desse faga: matematikk, norsk, engelsk, samt i andre undervisningsfag og spesialpedagogikk.
  • Framandspråk er etterspurd.
  • Relevant erfaring er ein fordel.
  • Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing etter Opplæringslova § 17-11, jf. politiregisterloven § 39 første ledd.

Personlege eigenskapar

  • God klasseleiar- og relasjonskompetanse.
  • Utviklingsorientert og samarbeidsvillig.
  • Ved vurdering av den best kvalifiserte, legg me vekt på utdanning, erfaring og personlege eigenskapar, samt din motivasjon for stillinga. 

Me tilbyr

  • Varierte og spennande arbeidsoppgåver i ein flott kommune
  • Faglege og personlege utfordringar i eit godt og inspirerande arbeidsmiljø
  • Gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
  • Løn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande lov og avtaleverk
  • Som tilsett får du tilbod om medlemskap i velferdsklubb som gjev tilsettegoder.

Andre opplysingar
Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk
Bømlo kommune ser på inkludering og mangfald som ein styrke, og vil oppmode alle kvaliserte søkjarar om å søke stilling uavhengig av bakgrunn 
Me gjer merksam på at søkjarar vert ført opp på offentlig søkerliste. Det er mogleg å søkje om anonymitet, men det må vere særskilte omstende for å få innvilga unntak, jf. Offentleglova § 25
Synest du stillinga ser interessant ut, og samsvarar med kvalifikasjonane dine, sender du oss søknaden din elektronisk via Webcruiter.no med CV, vitnemål og attestar som stadfestar tidlegare arbeidsforhold. Ved førespurnad må du kunna skaffa bekrefta kopiar av dokumentasjonen din.
Dersom du har spørsmål om stillinga og rekrutteringsprosessen, ta kontakt med skulefagleg rådgjevar Kristine Sætre

Kontaktinformasjon

Kristine Sætre, 953 66 282

Arbeidsstad

Kulturhusvegen 22
5430 Bremnes

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Bømlo kommune

Referansenr.: 5082575306
Stillingsprosent: 100, 50%
Fast, Mellombels, Vikar
Søknadsfrist: 15.03.2026

Kontaktperson for stillingen

Kristine Sætre

953 66 282

Om bedriften

Berekraftige Bømlo er vår visjon!
Bømlo kommune har 12 500 innbyggjarar og ligg plassert mellom Stavanger og Bergen, i regionen Sunnhordland. Me har eit aktivt næringsliv, med stort fokus på utvikling av grøn teknologi. Eit godt kulturtilbod saman med eit yrande lag- og organisasjonsliv gjer Bømlo til ein god plass å bu.

Kommunen med sine 800 årsverk, er utviklingsorientert, har eit sterkt fokus på samhandling, det grøne skiftet og ei berekraftig samfunnsutvikling. Dei tilsette er vår viktigaste ressurs og me ynskjer oss rause, modige og engasjerte medarbeidarar.

Pensjon
I denne stillinga har du rett på ein av Norges sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre vert utbetalt i 10 år, er offentleg tenestepensjon ein utbetaling som varer frå den dagen du sluttar i jobb og livet ut. Pensjon inkluderer og uføre- og etterlatnepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i Bømlo kommune får du medlemspris og gunstige vilkår på ei rekkje bank, forsikring og spareprodukt.

Forsikring
Bømlo kommune har gode forsikringsordningar for tilsette. Ordninga omfattar forsikring knytt til yrkesskade, ulykke og fritid.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b8c29db0-d0e0-4d06-801e-3579953d2015

Sist endret

19. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

36a109f46ee745dfb1ea19708a1c591d

Lignende annonser

Laster lignende annonser