Kommunalsjef helse og omsorg
Helse og omsorg, Vanylven kommune
Rådhusvegen 1, 6143 Fiskå
Om jobben
Stillingstittel
Kommunalsjef helse og omsorg
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Er du ein framtidsretta, strategisk og samlande toppleiar som vil vere med og utvikle gode helse- og omsorgstenester i Vanylven kommune, saman med dyktige og engasjerte medarbeidarar?
Kommunalsjefen vil ha eit heilskapleg leiaransvar for legeteneste; førebygging og rehabilitering; bu og avlastning; dagtilbod; heimetenester; omsorgsbustader og helse- og omsorgssenter. Kommunalsjefen vil vere eit bindeledd i høve andre kommunar, både når det gjeld fagsamarbeid og interkommunale samarbeid innanfor sektoren sitt ansvarsområde.
Arbeidsoppgåver
Kommunalsjefen får ansvar for å legge til rette for ein strategisk og framtidsretta utvikling av helse- og omsorgstenestene, samt aktivt sikre god tverrfagleg samordning og oppgåveløysning med interne- og eksterne samarbeidspartnarar.Kommunalsjefen får fullt fagleg, økonomisk og personalmessig ansvar for tenesteområdet. Vidare får kommunalsjefen ansvar for å førebu; følgje opp og setje i verk politiske vedtak samt styre innanfor fastsette budsjett og kommunedirektøren sine føringar.
Kvalifikasjonar
Vanylven kommune krev at vår nye kommunalsjef har følgande kvalifikasjonar:
- relevant utdanning innanfor, helsefagleg eller samfunnsfagleg retning, fortrinnsvis master-, med minimum bachelorgrad
- relevant leiarerfaring frå offentleg verksemd
- god erfaring med utrednings- og planprosessar
- god erfaring med budsjett- og økonomistyring
- god erfaring frå endrings- og omstillingsarbeid
- god IT kompetanse
Vi vil krevje at kvalifikasjonskrava blir dokumentert. Søkjarar med erfaring frå å leie utvikling-og omstillingsprosessar vil bli føretrekt.
Personlege eigenskapar
- evne til å skape oppslutning om kommunen sine felles mål og verdiar
- jobbar strukturert og målretta
- evne å delegere oppgåver og ansvar til avdelingsleiarane i sektoren
- ønskeleg med leiarerfaring frå kommunal helse- og omsorgssektor
- vere utviklingsorientert, engasjert og ha eit samarbeidsfokus
- vere open, lyttande, inkluderande og ein god relasjonsbyggar
- vere lojal, omstillingsvillig og ta ansvar for tildelte oppgåver
- gode skriftleg og munnlege kommunikasjonsevner.
Vi tilbyr
- Ei spennande og krevjande leiarstilling med stor muligheit for å påverke utviklinga av tenestetilbodet
- Engasjerte kollegaer og ei kommune med ambisjonar
- Godt arbeidsmiljø
- Løn etter avtale
Andre opplysningar:
Etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
Kontaktinformasjon
Andreas Chr Nørve, KommunedirektørArbeidsstad
Rådhusvegen 16143 Fiskå
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vanylven kommuneReferansenr.: 4907453089
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.02.2025
Om bedriften
Vanylven kommune ligg lengst sørvest på Sunnmøre, i Møre og Romsdal fylke, og har omlag 3 000 innbyggjarar. Saman med kommunane Sande, Ulstein, Hareid, Herøy, Ørsta og Volda utgjer vi 50 000 innbyggjarar.
Kommunen har eit mangfaldig næringsliv og aktive bygdemiljø. Ein geografi som strekkjer seg frå opne kystlandskap til indre dalføre gjer uendelege moglegheiter for friluftsliv og naturopplevingar.
Innanfor regionen vår har ein tilgang på det ein treng av arbeid, til sjukehus, til høgskule, flyplass, handel og fleire opplevingar.
Velkomen til å søkje hjå oss!
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2836572
- Hentet fra
talentech
- Referanse
111cfc98575b47cd880d631d7a1bc04b