Skulebibliotekar
Giske kommune
Valderhaug 4, 6050 Valderøya, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Skulebibliotekar
Type ansettelse
Engasjement, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 20. juni
Giske kommune har ledig eit spennande engasjement som skulebibliotekar med oppstart 1. august 2025 og fram til 31.12.2026, med høve for forlenging.
Stillinga er organisert under avdelinga kultur og service, men arbeidsstad vil veksle mellom dei ulike skulane i kommunen og i tett samarbeid med folkebiblioteket.
Stillinga følgjer normalarbeidsår.
Giske kommune har fire barneskular og ein ungdomskule.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt. Det er krav om politiattest til stillinga.
Vi ber om at attestar og vitnemål vert lagt ved søknaden.
Arbeidsoppgåver
Som skulebibliotekar
- samarbeidar du tett med lærarar på skulane om å oppfylle måla i lærplanen
- bygge opp og halde orden på databasen for boksamling ved skulane sine bibliotek
- bidreg med kreativitet og kompetanse til leseopplæringa ved skulen
- gjev tilgong til litteratur som motiverer og gjev leselyst
- bidra til samhandling og tett samarbeid med folkebiblioteket
Kvalifikasjonar
- fagutdanna bibliotekar, litteraturvitar eller pedagog med særskilt interesse for bibliotekdrift
- god kjennskap til gjeldande læreplanverk
- høg digital kompetanse
- god norsk munnleg og skriftleg framstillingsevne, nynorsk er kommunen si målform
Personlege eigenskapar
Vi ønsker ein skulebibliotekar som
- er ei ildsjel som brenn for lesing og ønsker å bidra til at elevane blir glade lesarar
- er oppdatert på barne- og ungdomslitteratur og er ein dyktig formidlar til elevar og tilsette
- er god på å kommunisere med barn og har eit positivt elevsyn
- vise evne og vilje til samarbeid med lærarar og skuletilsette
- kan jobbe sjølvstendig i rolla som bibliotekar
- tek initiativ til å ta imot klasser på bibliotek og som planlegg og gjennomfører undervisningsopplæegg med elevane
At ein er personleg skikka til stillinga vert vektlagt.
Vi tilbyr
- eit spennande, kreativt og aktivt arbeidsmiljø med dyktige kollegar
- løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
Kontaktinformasjon
Åse Elisabeth Skjærseth, kommunalsjef oppvekst, 98431522, ase.elisabeth.skjaerseth@giske.kommune.noIngvild nautvik, avdelingsleiar, +47 41502349, ingvild.nautvik@giske.kommune.no
Arbeidsstad
Valderhaug 46050 Valderøy
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 4980995237
Stillingsprosent: 100%
Engasjement
Søknadsfrist: 20.06.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Giske kommune har om lag 8775 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.
Sektor
Offentlig