Sjukepleiar
Bø sjukeheim Jønneberg Vihus
Gamleveg 43, 3802 Bø i Telemark, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Oppstart
4. august 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 9. juni
Vil du bruke kompetansen din der den virkeleg betyr noko? Ynskjer du å jobbe i eit miljø der både humor og profesjonalitet får plass? Då ynskjer me deg velkommen som sjukepleiar hos oss!
Bø sjukeheim, avdeling Jønneberg og Vihus har ledig 100 % stilling som sjukepleiar med langvakter kvar 4. helg. I løpet av dei 12 timane er det lagt opp til to pauser à tre kvarter. Me har årsturnus der ein har moglegheit til å påverke eigen arbeidsplan og dette skapar forutsigbarhet.
Jønneberg og Vihus er lokalisert i andre etasje på sjukeheimen som ligg sentralt til i Bø sentrum. Me driftar 3 avdelingar der to av dei er langtidsavdelingar og ei er korttidsavdeling. Totalt er det 23 rom.
Me søker etter deg som er ansvarsfull, engasjert og som møter alle mennesker med respekt.
Hos oss jobbar du med kollegaer som er imøtekommande og som er opptatt av å skape eit godt arbeidsmiljø.
Arbeidsoppgåver
- Utøva sjukepleiefaglege oppgåver i tråd med lovverk, rutinar og kvalitetskrav
- Pasientvurdering og oppfølging
- Medikamenthåndtering
- Pleie og omsorg
- Behandling og rehabilitering
- Legevisitt
- Tverrfaglig samarbeid
- Ansvarsvakt
- Kvalitetssikring og fagutvikling
- Veiledning av kollegaer, sjukepleiestudentar og pårørande
Kvalifikasjonar
Krav til kvalifikasjonar- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Du må kommunisere godt på norsk, både skriftleg og munnleg - minimum B1
- Erfaring frå eldreomsorg
- Kjennskap til Profil EPJ
- God kjennskap til bruk av data som verktøy
Særskilde krav
Personlege eigenskapar
- Være opptatt av fagleg kvalitet og utvikling
- Sjølvstendig og ansvarfull
- Gode kommunikasjon- og samarbeidsevner
- Strukturert, løsningsorientert og positiv
- Evne til å ivareta og bidra til eit godt arbeidsmiljø
Personlege eigenskapar vil tilleggast stor vekt ved ansettelse
Vi tilbyr
- Avsatt tid til fagleg utvikling med både eigne og felles fagdagar
- Årsturnus
- Moglegheit for kurs og videreutdanning
- Internundervisning
- Mentorordning ved nytilsetting
- Jevnlige møtepunkt; personalmøter og sjukepleiarmøter
- Fagleiar i 90% stilling som jobber med fagutvikling og koordinering
- Institusjonslege i 100% stilling med visitt for avdelinga to gonger i veka
- E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
- Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
- Gratis parkering
- Kantine
Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju.
Kontaktinformasjon
Tone Heimdal Veting, Avdelingsleiar, +47 92255565Arbeidsstad
Gamleveg 433802 Bø i Telemark
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommuneReferansenr.: 4896156244
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 04.08.2025
Søknadsfrist: 09.06.2025
Kontaktperson for stillingen
Tone Heimdal Veting
Avdelingsleiar
+47 92255565
Om bedriften
Me ønskjer i møte med innbyggjarane våre å fremja sjølvstende, kvardagsmeistring, tryggleik og oppleving av styring og kontroll i eige liv. Tenestene me yter skal bidra til å støtta opp under ressursane i personen og samtidig byggja opp under ansvaret til den enkelte og aktiv medverknad i eige liv. Me jobbar ut i frå «kva er viktig for deg?» metodikken og legg til rette for at pårørande, familie og nettverk medverkar i samsvar med ønska til den enkelte. I omsorgstrappa vår er hovudprinsippet at «så lenge eg kan bu heime, så bur eg heime». Me har høgt fokus på gode pasient-/brukarforløp mellom dei ulike trinna i omsorgstrappa.
Midt-Telemark kommune er opptekne av mangfald og vi oppmodar kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss uavhengig av alder, kjønn, funksjonshemming og etnisitet.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2952808
- Hentet fra
talentech
- Referanse
d5e1eb14cbad43c493788a863f789631