Hopp til innhold

Kjemikar/kjemiingeniør til fast stilling ved Radiologisk avdeling, Senter for nukleærmedisin og PET

Arbeidsgiver

Helse Bergen HF

Sted

Haukelandsveien 22, 5021 Bergen

Om jobben

Stillingstittel
Fast stilling som kjemikar/kjemiingeniør ved Radiologisk avdeling, Senter for nukleærmedisin og PET
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk eller engelsk

Søk på jobben

Søk senest lørdag 30. mai

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har ledig 100% fast stilling som kjemikar/kjemiingeniør på Senter for nukleærmedisin/PET ved Radiologisk avdeling. Faget nukleærmedisin inkluderer bildediagnostikk og terapi, som kombinerer fagområda anatomi, fysiologi, biokjemi, kjemi, patologi, strålefysikk og bildedanning. 

Senter for nukleærmedisin/ PET er eit av dei største nukleærmedisinske sentera i landet med ca. 40 medarbeidarar fordelt på ulike yrkesgrupper. Vi utfører all PET- og nukleærmedisinsk diagnostikk og behandling i Vestland fylke og i tillegg har vi enkelte regionale- og landsdekkande funksjonar. 

Senteret har to PET/CT-maskiner (Biograph Vision og Quadra), ein PET/MR (Biograph One), to SPECT/CT (Symbia Intevo Bold) og ein ultralyd-lab (Canon). Senteret har og ein eigen legemiddelfabrikk for radiofarmaka med syklotron og radiokjemi. Der produserer vi ei rekke sporstoff til bruk i nukleærmedisinsk diagnostikk både til klinikk og forsking, mellom anna [18F]FDG, [18F]PSMA-1007, [11C]metionin, [18F]FLT, [18F]FDOPA, [18F]FMISO og [68Ga]DOTATOC. Senteret samarbeider også tett med andre avdelingar når det gjeld ulike formar for nukleærmedisinske terapiar som SIRT, Xofigo, Lutathera, og radiojodbehandling. 

Vi søker nå ein engasjert kjemikar/kjemiingeniør som vil få eit særskilt ansvar for daglig drift av vår instrumentpark ved QC-laboratoriet. I stillinga vil du bli tilknytt radiofarmakaproduksjonen ved senteret, og arbeide tett saman med andre kjemikarar, fysikarar og farmasøytar.  

Det er primært dagsarbeid ved senteret, men i stillinga vil det og kunne inngå tidlegvakter tilknytta  legemiddelproduksjon. Startdato 01.08.2026 eller etter avtale.

Les meir om senteret her

Arbeidsoppgåver

Som ein del av legemiddelgruppa vil du jobbe i skjæringspunktet mellom avansert teknologi og pasientbehandling. Dine hovudoppgåver vil vere: 

Drift og vedlikehald: Ansvar for dagleg tilsyn og vedlikehald av vår moderne instrumentpark på QC-lab, inkludert HPLC-system (3 stk), GC-HS, HPGe-gammaspektrometer, pH-meter, endoksinmålar og vassreinsingsanlegg. 

Produksjon og kontroll: Delta i dagleg produksjon, kvalitetskontroll (QC) og kvalitetssikring (QA) av radioaktive legemiddel etter gjeldande GMP-standard. 

Dokumentasjon og myndighetskontakt: Utarbeide valideringsdokumentasjon for nye produkt og delta i dialogen med Direktoratet for medisinske produkt (DMP). 

Metodeutvikling: Bistå i utvikling av nye syntese- og analysemetodar for både preklinisk og klinisk bruk. 

Kontinuerleg forbetring: Bidra til at laboratoriet alltid tilfredsstiller strenge krav til presisjon og tryggleik. 

Tal del i forsking ved senteret 

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som trivst med nøyaktigheitsarbeid og som har teknisk innsikt i kjemi, analyse og instrumentering. 

Utdanning: Mastergrad eller PhD innan kjemi (analytisk, organisk, legemiddelkjemi), kjemiingeniør eller tilsvarande. Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet. 

Erfaring: Bakgrunn frå legemiddelanalyse, produksjon eller arbeid i akkrediterte laboratorium er sterkt ønskeleg. Erfaring fra forskningsprosjekt og arbeid med radiokjemi vil også vere eit pluss for kandidaten. 

Regelverk: Erfaring med GMP (Good Manufacturing Practice) og valideringsarbeid vil bli vektlagt. 

Språk: Gode kommunikasjonsevner på norsk og engelsk, både skriftleg og munnleg. Søkarar må kunne dokumentere norskkunnskapar tilsvarande Bergenstesten (C1). 

Personlege eigenskapar

Du er strukturert, nøyaktig og har høg gjennomføringsevne. 
Du har gode evner til feilsøking og teknisk problemløysing. 
Du er påliteleg og er komfortabel med å starte arbeidsdagen tidleg når produksjonsplanen krev det. 

Vi tilbyr

Spesialisert opplæring og kursing innan radiokjemi og radiofarmasi. 
Moglegheit for å delta i forskingsprosjekt, nasjonale og internasjonale.  
Moglegheit for deltaking på internasjonale kurs og konferansar. 
Eit sterkt fagmiljø som ligg i front innan utvikling av radiofarmaka i Noreg. 
Moderne lokale og topp moderne instrumentpark. 


Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.

Kontaktinformasjon

Cecilie Brekke Rygh, Seksjonsleiar, 992 79 005, cecilie.brekke.rygh@helse-bergen.no
Ole Heine Kvernenes, Spesialkonsulent, 55977626, ole.heine.kvernenes@helse-bergen.no

Arbeidsstad

Haukelandsveien 22
5021 BERGEN

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Helse Bergen HF

Referansenr.: 5129302932
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 30.05.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Ole Heine Kvernenes

Spesialkonsulent

55977626

ole.heine.kvernenes@helse-bergen.no

Cecilie Brekke Rygh

Seksjonsleiar

992 79 005

cecilie.brekke.rygh@helse-bergen.no

Om bedriften

Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga.  Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b8931753-e818-4585-b89a-c83015cabe39

Sist endret

13. mai 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

78496f272b5c4100a6923d0bd3d5314a

Lignende annonser

Laster lignende annonser