Sokneprest i Sunnhordland prosti med sokna Fjeldberg og Eid, og Åkra i Kvinnherad som tenestad
Den norske kyrkja, Bjørgvin bispedøme
Klubbavikjo 9, 5451 Valen
Om jobben
- Stillingstittel
- Sokneprest i Sunnhordland prosti med sokna Fjeldberg og Eid, og Åkra i Kvinnherad som tenestad
- Type ansettelse
- Fast, heltid 100%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest søndag 6. september
Det er ei ledig stilling som sokneprest i Sunnhordland prosti med Fjeldberg og Eid sokn, samt Åkra sokn og sokna i Kvinnherad som tenestestad.
I Kvinnherad kommune er det vel 13 000 innbyggjarar. Her er flott natur som gjev gode høve til rekreasjon og naturopplevingar. Det er også eit variert næringsliv med m.a. Hydro Husnes, maritime næringar og Valen sjukehus. Husnes har eit stort butikksenter med mange av dei offentlige tenestene, og Kvinnherad vidaregåande skule. Rådhuset ligg i Rosendal. Det går ei hurtigbåt til Stord frå Ranavik og Sunde med hyppige avgangar morgon og ettermiddag, her er og ein attraktiv arbeidsmarknad.
Fjelberg og Eid sokn ligg i sørlege delen av Kvinnherad kommune. Soknet har omlag 1700 medlemmer. Her ligg barneskule, ungdomsskule og Sunnhordland folkehøgskule. Soknepresten har jamleg andakt på sjukeheim og omsorgsbustader på Halsnøytunet. Halsnøy kloster ligg også i soknet, ein av nøkkelstadane på Kystpilegrimsleia. Soknepresten kan bli ein del av arbeidet med kystpilegrimleia og jobbe i samarbeid med bispedømet sin eigen pilegrimsprest. Soknet har to trekyrkjer: Eid kyrkje (1824) og Fjelberg kyrkje (1722). Soknet har også fleire bedehus. Det er gudsteneste i soknet dei fleste sun- og heilagdagar.
Åkra sokn ligg nord-aust i kommunen, og medlemstalet her er omlag 150. I soknet er det barnehage og barneskule. Soknet har ei kyrkje - Åkra kyrkje frå 1735. Det blir halde gudsteneste om lag kvar fjerde sundag.
Soknepresten har sete i sokneråda Fjelberg & Eid og Åkra, og har hovudansvar for kontakt mellom kyrkje, skule og barnehage i soknet, og for konfirmantarbeidet. Det er eit godt samarbeid mellom tilsette i kyrkja og friviljuge medarbeidarar i kyrkje og bedehus.
Det er felles kyrkjekontor på Valen for alle sokna i Kvinnherad kommune. Her er kontor for kyrkjeverje, dei fire sokneprestane i kommunen, kantor/organistar, trusopplærarar og kontormedarbeidarar. Dei tilsette samlast til regelmessige møter. Sokneprestane deler tenestevekene og samarbeider om prestetenesta. Les meir om Kvinnherad sokn på https://www.kvinnherad.kyrkja.no/
Prosten leiar prestetenesta i prostiet. Prestane vert kalla inn til jamlege samlingar for fagleg utvikling, åndeleg fellesskap og teambygging.
Målforma i prostiet er nynorsk.
Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via WebCruiter.
Arbeidsoppgåver
- Gudstenester etter oppsett plan
- Tenesteveker i heile kommunen
- Medlem i Fjelberg & Eid sokneråd, og Åkra sokneråd
- Konfirmantarbeid
- Kyrkjelydsbyggjande arbeid
- Arbeid med kystpilegrimsleia i samarbeid med pilegrimspresten i bispedømet
- Beredskap etter gjeldande ordning for Den norske kyrkja
Kvalifikasjonar
- Cand.theol. med praktikum eller tilsvarande/master i teologi og praktikum
- Medlemskap i Den norske kyrkja
Personlege eigenskapar
- God evne og vilje til samarbeid med stab, råd og frivillige
- Engasjement for prestetenesta
- Evne og vilje til samarbeid
- Evne til å kommunisere med ulike aldersgrupper
- Søkjar må kunne samarbeide liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje
Vi tilbyr
- Stillingskode 1555 Sokneprest etter KA sitt tariffområde
- Medlemskap i kollektiv pensjonsordning KLP
- Reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ
- Til løna kjem særskilte regulativmessige godtgjersler
- Arbeidsvegleiing (ABV)
Andre opplysningar:
Søkjar bør ha førarkort klasse B og disponere bil.
Bjørgvin bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, seksuell orientering og funksjonsevne. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke.
Det vil bli utarbeida ei offentleg søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Dersom du ønskjer unntak for denne, må du grunngje det i søknaden. Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om unnatak. Grunnlag for handsaming etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.
Den som blir tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20.
Kontaktinformasjon
Therese Nesse Mokkelbost, HR-sjef i Bjørgvin bispedøme, 93612276Arild Steinsland, Prost i Sunnhordland, 91555580
Arbeidsstad
Klubbavikjo 95451 Valen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Den norske kirkeReferansenr.: 5141850059
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.09.2026
Kontaktpersoner for stillingen
Arild Steinsland
Prost i Sunnhordland
91555580
Therese Nesse Mokkelbost
HR-sjef i Bjørgvin bispedøme
93612276
Om bedriften
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b878a7ea-3d9f-4634-9543-1127e80ad52f
- Sist endret
16. august 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a5c0cc4a22f446f8a53717ee746f8bf5