Hopp til innhold

Ferievikar miljøtenesta 2026

Arbeidsgiver

Foren bufellesskap, Time kommune

Sted

Gamle Åslandsvegen 25, 4355 Kvernaland

Om jobben

Stillingstittel
Ferievikar miljøtenesta 2026
Type ansettelse
Feriejobb, deltid 0%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
5
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig

Søk på jobben

Søk senest søndag 15. mars

Miljøtenesta gir tenestar til personer som har ulike funksjonsnedsettelser, og me har behov for sommervikarer i følgjande avdelingar: 

Foren Burettslag, Kverneland barne- og avlastningbustad, Holmebakken/Vardheia omsorgsbolig, Nubben bufellesskap og fleire Bpa ordningar.

Alle avdelingane i tenesta samarbeidar tett, men spesifiser i søknadsteksten kva for ei avdeling du ønsker å arbeida i. Skriv også kva for nokre veker du vil arbeida i sommer. Sommerferien er frå 22. juni - 16. august.

Alle avdelingane har døgndrift, og det er behov for både dag, aften og nattevaktar. Spesifiser hva du helst ønskjer i søknaden.

Leiarane i dei forskjellige  avdelingane vil ta kontakt med deg direkte dersom det er aktuelt å setta opp eit intervju.

Det finnes stipendordningar for sjuke- og vernpleiarstudentar.

 


Arbeidsoppgåver

Arbeidsoppgåver vert presentert på intervju.

 

Alle nye vikarar får tilbod om ferievikarkurs.

Kvalifikasjonar

Me treng fleire gode vikarar med ulik bakgrunn, for eksempel: 

  • Sjukepleiarar
  • Vernepleiarar
  • Helsefagarbeidarar
  • Assistentar
  • Studentar innan helse- og omsorgsyrket

Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).

Personlege eigenskapar

  • Gode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
  • Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
  • Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
  • Du må like utfordringar, vere engasjert, løysingsorientert og kunne trekke slutningar
  • Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
  • Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
  • Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
  • du må vera over 18 år
  • krav om politiattest

Vi tilbyr

Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø

Stilling etter avtale

Kandidatar vert vurdert fortløpande

Kontaktinformasjon

Eli Westerlund Goodwin, Avdelingsleiar, eli.westerlund.goodwin@time.kommune.no
Tordis Winstrup, Avdelingsleiar, tordis.winstrup@time.kommune.no

Arbeidsstad

Gamle Åslandsvegen 25
4355 Kvernaland

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgivar: Time kommune

Referansenr.: 5076279402
Stillingsprosent: 0%
Sommarjobb
Søknadsfrist: 15.03.2026

Kontaktpersoner for stillingen

Tordis Winstrup

Avdelingsleiar

tordis.winstrup@time.kommune.no

Eli Westerlund Goodwin

Avdelingsleiar

eli.westerlund.goodwin@time.kommune.no

Om bedriften

"Me skal gjera kvarandre gode" er leveregelen for oss som jobbar i Time kommune. Me er opptatt av å utvikla og forbetra tenestene i lag med innbyggarane, besøkande og næringslivet slik at Time skal vera ein trygg og framtidsretta kommune. Kommunen har ca. 20 000 innbyggarar og ligg midt på Jæren, med Bryne som regionssenter og kollektivknutepunkt for buss og jernbane. Time er ein stor jordbrukskommune og har i tillegg eit variert næringsliv, med flest sysselsette innan industri, varehandel, hotell og restaurant. Det er 1340 årsverk i Time kommune, fordelt på om lag 1800 personar.

Time kommune er opptatt av mangfald og me oppmodar derfor alle som er kvalifiserte til å søka hos oss, uansett alder, kjønn, etnisitet, religion, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Me gjer merksam på at opplysningar om søkaren kan verta offentleggjort, sjølv om ein har bede om å bli unntatt offentlegheit. Søkar vil verta varsla før offentleggjering.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b84ff6e5-2e8f-4f60-a6a8-e2101a4cfe73

Sist endret

9. februar 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

c62fe1ef6f4b431194b1bfe26ac449c7

Lignende annonser

Pleiemedarbeider, servicemedarbeider og helsefagarbeider eller annen relevant utdanning

Arbeidsgiver

Sykehjemstjenesten, Randaberg kommune

Sted

Randaberg