Miljøterapeut
Eidet skule, Haram kommune
Vatnevegen 41, 6265 Vatne
Om jobben
- Oppstart
- 1. januar 2027
- Stillingstittel
- Miljøterapeut Eidet skule
- Type ansettelse
- Fast, deltid 80%
- Antall stillinger
- 1
Søk på jobben
Søk senest søndag 29. november
Vi fokuserer på å skape ein trygg og inkluderande skule som opnar dører mot verda og framtida for elevane våre. Vi ønskjer å skape ein skule som er ein nær del av lokalsamfunnet, og som elevar, tilsette og føresette er stolt over å vere ein del av.
I kommunalområde Barnehage og skule har vi fleire barnehagar og skular. Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn. Bli med i teamet vårt og ver med på å forme framtida.
Haram kommune er ein ambisiøs kommune, der gode og heilskaplege tenester er i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenesteområda våre, slik at vi saman kan skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.
Arbeidsoppgåver
- Følgje opp elevar som har behov for ekstra sosial, emosjonell eller fagleg støtte
- Delta i og gjennomføre tiltak knytte til åtferd, inkludering og meistring
- Ta med enkeltelevar og grupper på aktivtetar som gir meistring og ein meir praktisk skulekvardag med alternativ opplæring
- Bidra til å utvikle og oppretthalde eit trygt og inkluderande skulemiljø
- Arbeide førebyggjande med relasjonsbygging, trivsel og psykososialt miljø
- Samarbeide tett med lærarar, føresette og eksterne samarbeidspartnarar
- Rettleie og støtte elevar i ulike utfordrande situasjonar gjennom skuledagen
- Delta i tverrfagleg samarbeid rundt enkeltelevar og elevgrupper
- Vere ein aktiv vaksenperson i friminutt, aktivitetar og undervisningssituasjonar ved behov
- Dokumentere og evaluere tiltak i tråd med gjeldande rutinar.
Arbeidskvardagen vil hovedsakleg vere på mellomtrinnet og ungdomstrinnet
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning som pedagogisk utdanning, vernepleie, barnevernspedagogikk, sosionomutdanning eller anna relevant helse- og sosialfagleg utdanning
- Erfaring frå arbeid med barn og unge er ønskjeleg
- Kompetanse innan relasjonsarbeid, åtferdsutfordringar og inkluderingsarbeid
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
- Erfaring med tverrfagleg samarbeid er ein fordel
- Kjennskap til aktuelt lovverk og arbeid med elevane sitt psykososiale miljø er ønskjeleg
Personlege eigenskapar
- Likar å arbeide med barn og unge og spesielt dei som treng ekstra støtte
- God vaksen rollemodell med gode omsorgsevner og med fokus på kvart enkelt barn
- Har evne til å arbeide både sjølvstendig og i team
- Ansvarsfull, engasjert og tar initiativ
- Trivast i ein aktiv kvardag med både inne- og uteaktivitetar
- Har lyst å skape gode arbeidsdagar i lag med elevar og kollegaer
- Er robust og kan stå støtt i krevjande situasjonar
Skulen ønskjer ein person med positivt elevsyn og eit sterkt engasjement for barn og unge si utvikling.
Personlege eigenskapar vert sterkt vektlagt.
Vi tilbyr
- Ei spennande stilling der du kan gjere ein positiv skilnad i barn sine liv
- Moglegheit til å skape ein skulekultur til det beste for barn og unge
- Eit godt arbeidsmiljø med dyktige medarbeidarar som er opptekne av å skape eit trygt og godt skulemiljø
- Moglegheit for fagleg utvikling og kompetanseheving
- Vere del av eit lokalsamfunn i vekst der mykje positiv aktivitet vert skapt
- Løn i samsvar med gjeldande tariffavtale
- God pensjonsordning
Kontaktinformasjon
Ole André Lukkedal, Rektor, 48078837, ole.andre.lukkedal@haram.kommune.noArbeidssted
Vatnevegen 416265 VATNE
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Haram kommuneReferansenr.: 5206056998
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 01.01.2027
Søknadsfrist: 29.11.2026
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Bur du i Haram kommune og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt per år. Les meir om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b83a74e4-eeef-49e6-8da1-7e1ab3a77aae
- Sist endret
16. november 2026
- Hentet fra
talentech
- Referanse
36dae3e9b2d74a42b91a6bc0fe550d05