Hopp til innhold

Miljøterapeut

Arbeidsgiver

Brattvåg ungdomsskule, Haram kommune

Sted

Dalevegen 50, 6270 Brattvåg

Om jobben

Oppstart
1. januar 2027
Stillingstittel
Miljøterapeut
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest tirsdag 1. desember

Vil du vere med på å skape ein trygg, inkluderande og meiningsfull skulekvardag for ungdom?

Brattvåg ungdomsskule har ledig ei 100 % stilling som miljøterapeut frå 01.01.2027.
Stillinga er knytt til arbeid med elevar som har behov for særskild tilrettelegging, tett oppfølging og støtte i skulekvardagen.

Vi søkjer ein engasjert, trygg og relasjonssterk medarbeidar som ønskjer å gjere ein forskjell for ungdom. Hos oss blir du ein del av eit fagleg fellesskap der vi arbeider saman for å skape eit godt læringsmiljø, fremje meistring og sikre at alle elevar opplever tilhøyrsle og inkludering.

Brattvåg ungdomsskule ligg sentralt i Brattvåg, tett ved Haram vidaregåande skule og Brattvåg stadion. Skulen har om lag 150 elevar og 22 tilsette, og elevane kjem frå Brattvåg, Søvik, Hildre og Grytastranda. Vi er ein dysleksivennleg skule og nyttar nynorsk som opplæringsmål. Elevane har 1:1-dekning med PC, og vi arbeider digitalt i Teams og Office 365.

Vi ser etter deg som er engasjert og omsorgsfull, og som ønskjer å skape meiningsfulle og inspirerande kvardagar for barn og ungdom. Vi har eit arbeidsmiljø med fokus på godt samarbeid og høg trivsel, både saman med elevar og kollegaer. 
I Haram kommune er gode, heilskaplege tenester i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenestene, for å saman skape robuste tilbod for innbyggjarar og næringsliv.
Ønskjer du å vere med å forme framtida til ungdommane i Haram? Vi ser fram til å høyre frå deg!


Arbeidsoppgåver

  • Følgje opp og støtte elevar med behov for særskild tilrettelegging, både fagleg og sosialt.
  • Bidra til å skape tryggleik, trivsel, meistring og gode relasjonar i skulekvardagen.
  • Arbeide målretta med sosial kompetanse, åtferd, inkludering og elevane si personlege utvikling.
  • Leggje til rette for deltaking i undervisning, aktivitetar og det sosiale fellesskapet.
  • Førebyggje og handtere utfordrande situasjonar på ein trygg og profesjonell måte.
  • Samarbeide tett med lærarar, andre tilsette, føresette og aktuelle samarbeidspartnarar.
  • Delta i planlegging, gjennomføring og evaluering av tiltak rundt enkeltelevar og elevgrupper.

Kvalifikasjonar

  • Relevant treårig høgskule- eller universitetsutdanning, til dømes vernepleiar, sosionom, barnevernspedagog eller anna relevant utdanning.
  • Erfaring frå arbeid med barn og ungdom er ønskjeleg.
  • Kompetanse innan relasjonsarbeid, miljøterapeutisk arbeid og tilrettelegging for elevar med ulike behov er ein fordel.
  • Erfaring med elevar som har samansette utfordringar, er ønskjeleg.
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.

Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • Er ein trygg, tydeleg og omsorgsfull vaksen.
  • Har evne til å byggje gode relasjonar og møte ungdom med respekt, forståing og positive forventningar.
  • Er tolmodig, fleksibel og løysingsorientert.
  • Kan arbeide sjølvstendig, men også samarbeider godt med andre.
  • Har evne til å halde ro og oversikt i krevjande situasjonar.
  • Ser moglegheiter og ressursar hos den enkelte elev.
  • Er engasjert i å skape eit inkluderande og godt skulemiljø.
  • Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • Ein variert og meiningsfull arbeidskvardag der du kan gjere ein viktig forskjell.
  • Eit inkluderande og engasjert arbeidsmiljø med dyktige kollegaer.
  • Moglegheit til å bidra i utviklinga av det miljøterapeutiske arbeidet ved skulen.
  • Eit tverrfagleg samarbeid med fokus på elevane si læring, meistring og utvikling.
  • Løns- og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk.

Kontaktinformasjon

Lars Flem Åkre, Rektor, 95861787, Lars.Flem.Akre@haram.kommune.no

Arbeidssted

Dalevegen 50
6270 Brattvåg

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Haram kommune

Referansenr.: 5211204951
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2027
Søknadsfrist: 01.12.2026

Kontaktperson for stillingen

Lars Flem Åkre

Rektor

95861787

Lars.Flem.Akre@haram.kommune.no

Om bedriften

Haram kommune har om lag 9400 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.

Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.

Bur du i Haram kommune og er i jobb, kan du etter eitt år få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt per år. Les meir om ordninga her: Sletting av gjeld i utvalgte kommuner

Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b48cd7b0-25c9-4d7c-8ee6-6cf9d3c05df7

Sist endret

16. november 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

a5d7032d5bb44b8e988e8270de821cc2

Lignende annonser

Laster lignende annonser