Fagarbeidar gravplass/ kyrkjebygg.
Sveio Kyrkjelege Fellesråd
Steinhaugvegen 10, 5550 Sveio, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Sveio Kyrkjelege Fellesråd har ansvar for drift av gravplassane og kyrkjene i Sveio kommune, det omfatte 3 kyrkjer og 2 kapell, samt 12 gravplassar.
Stillingstittel
Fagarbeider gartner
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 60%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 25. april
Send søknad til
Hva vi ser etter
Vi søkjer deg som har følgjande kvalifikasjonar.-
Relevant fagbrev innanfor bygg og grøntanlegg.
-
Søkjar utan fagbrev, men med relevant erfaring kan 'og bli vurdert for stillinga.
-
Erfaring med bruk av gravemaskin. Ønskjeleg med maskinførarbevis.
-
Søkjar må ha førarkort, helst klasse BE.
-
Trivst med å jobba - både i team og sjølvstendig.
-
Er flink til å finna løysingar.
-
Er nøyaktig, ryddig og strukturert.
-
Fleksibel.
-
God til å prata med folk.
Arbeidsoppgaver
-
Vedlikehald av grøntanlegg.
-
Vedlikehald av bygg.
-
Graving av graver.
-
Andre oppgåver i samband med drift og vedlikehald av bygg og gravplassar.
Som fagarbeidar hos oss vil du ha oppgåver i samband med gravferd - graving av graver, vedlikehald av grøntanlegg på gravplassane, ulike oppgåver innanfor drift og vedlikehald av kyrkjebygga, samt andre oppgåver av ulik karakter.
Mange av oppgåvene er av praktisk karakter, men som tilsett her vil du 'og møta folk - både i sorg og i glede. Ein viktig del av arbeidet vert derfor å ha dialog med folk, som kjem til gravplassane og til kyrkjene.
Som tilsett hos oss vil du vera ein del av staben, som elles består av arbeidsleiar, kyrkjeverje, kontormedarbeidarar, kantor, organist, prestar og tilsette som arbeidar med trusopplæring og besøksteneste.
Vi tilbyr
-
Ein variert arbeidsdag - med utfordrande og meiningsfulle arbeidsoppgåver.
-
Nødvendig opplæring.
-
Lønn som fagarbeidar ifølge tariffavtalen for KA-sektoren.
-
Pensjonsordning i KLP.
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sveio Kyrkjelege Fellesråd ligg i Sveio kommune og omfatte to sokn, Sveio sokn og Valestrand og Førde sokn.
Sveio er ein kommune i Sunnhordland i Vestland fylke. Den er den sørlegaste kommunen i fylket, og har fastlandsgrense berre til Rogaland. Kommunen grensar i sør til Haugesund og Tysvær, over fjorden i vest til Bømlo, over fjorden i nord til Stord og over Ålfjorden i aust til Vindafjord.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2912789
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
b82dafc7-374f-47e2-9f2c-f7f41c93ce54