Overstyrmann i ressursgruppe, Nordmøre
Fjord1 - Maritim Drift, Fjord1 AS
6510 Kristiansund N
Om jobben
Stillingstittel
Overstyrmann i ressursgruppe, Nordmøre og Brekstad
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Skift
Antall stillinger
1
Fjord1 er ein verdsleiande pionèr innan det grøne skiftet, og vi skal vere den sikraste og mest
attraktive leverandøren av miljøvennleg ferje- og hurtigbåttransport i marknaden!
Fjord1 har ledig stilling som overstyrmann i ressursgruppe på Nordmøre og Brekstad. De aktuelle reservefartøyene vil p.t. vere MF Edøyfjord og MF Dryna. Ved behov må ein kunne tenestegjere på andre fartøy i rutedrift.
Skiftordning: 2 veker på og 2 veker av.
Arbeidsoppgåver
- Leiar for dekksavdeling
- Avløysar for skipsførar
- Ettersyn på navigasjonsutstyr
- Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig
- Treffe avgjersler som ikkje kan utsetjast ved skipsførar sitt fråfall
- Oppdatering og ajourhald av vedlikehaldssystem for dekk
- Opplæring, utvikling og trening av personell
- At mannskapet har riktig verneutstyr
- At passasjerane vert behandla på ein høfleg måte
- At kommunikasjonsutstyr er i orden
- At billettering og kontroll vert utført
- At lasting og lossing vert utført forsvarleg og effektivt
Kvalifikasjonar
- D3 sertifikat
- ROC/GMDSS-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Krise-og passasjerhandtering
- Gyldig helseattest
Personlege eigenskapar
- Forståing og vilje til å gjennomføre bedrifta sine prioriteringar for å nå ønska målsettingar
- Gode leiareigenskaper
- Evne til å arbeide tett med andre mennesker over tid
- Godt humør
- God kommunikasjonsevne
- Serviceinnstilt
- Fleksibel
Vi tilbyr
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart og Norsk Sjøoffisersforbund
- Gode kollegaer og godt arbeidsmiljø
- Gode velferdsordningar
Kontaktinformasjon
Torill Vestad, Bemanningskoordinator, +47 91318256
Arbeidsstad
Kristiansund
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fjord1 AS
Referansenr.: 4769252137
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 29.02.2024
Om bedriften
Fjord1 arbeider med ny og moderne teknologi i verdsklasse, der nullutslepp og ny infrastruktur på land er fokusområder. Det største ferjeløftet gjennom tidene har sett sitt preg på dei siste åra med oppstart av fleire nye ferjekontraktar- og samband, auka kapasitet, fullføring av flåtefornyingsprogrammet og vidare elektrifisering av fartøy.
Gjennom kontinuerleg arbeid med å utvikle nybygg i verdsklasse, samt oppgradere og modernisere eksisterande fartøyportefølje, er Fjord1 sin visjon å vere best på miljøvennleg og påliteleg transport. Fjord1 skal vere ein attraktiv arbeidsgjevar, eit trygt selskap å investere i, ein føretrekt samarbeidspartnar, og ein aktør som fraktar passasjerar trygt over dei norske fjordane.
Fjord1 har kontor i Florø, Bergen og Molde. Fjord1 er ein kompetansearbeidsplass med eit breitt spekter av stillingskategoriar. Det er om lag 1100 fast tilsette i selskapet.
Sektor
Privat
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2563561
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4a2f18fa9b054938afb2c7d40d2f4572