Hopp til innhold

Sjukepleiar ved legekontor, vikariat

Arbeidsgiver

Bykle kommune, Bykle

Sted

Sarvsvegen 14, 4754 Bykle

Om jobben

Oppstart
5. oktober 2026
Stillingstittel
Sjukepleiar ved legekontor, vikariat
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager

Søk på jobben

Søk senest torsdag 10. september

Helsetenesta er eit vertskommunesamarbeid mellom Bykle og Valle kommune, kor Bykle er vetskommune. Helsetenesta Bykle og Valle er ansvarleg for tenesteområda: Lege, legevakt, kommuneoverlegen, fysioterapi, ergoterapi, jordmor, helsestasjon, skulehelseteneste og psykisk helse og familiestøtte. Vi har tre legekontor, eit i Valle, eit i Bykle og eit på Hovden med i alt 4 fastlegestillingar og 2 turnuslegestillingar.

Legekontora har god dekning av hjelpepersonell, er svært godt utstyrt med m.a. digitalt røntgenutstyr, ultralyd og laboratorium. Vi samarbeider tett med spesialisthelsetenesta gjennom bla. telemedisinske løysingar. Arbeidsoppgåvene til Bykle og valle kommunar er varierte og utfordrande. Våre to kommunar har totalt noko over 2200 innbyggjarar, men som utprega turistkommunar er vi opptil 25.000 i høgsesongen. 

Vi har no ledig ein 100% vikar stilling som sjukepleiar på legekontor.

Arbeidsoppgaver

Stillinga inngår i bemanninga ved dei tre legesentera våre og er knytt til både fastlegepraksis og daglegevakt.

Arbeidskvardagen er variert og omfattar mellom anna telefontriagering, pasientmottak, prøvetaking, assistanse ved undersøkingar og medisinske inngrep, handsaming av prøvemateriale og skadestovearbeid som sårskift, suturfjerning og øyreskylling. Arbeidsoppgåvene omfattar òg observasjon og vurdering av pasientar med behov for øyeblikkeleg hjelp, oppstart av behandling og stabilisering før eventuell vidare transport til sjukehus. Sjukepleiaren må kunne handtere førespurnader til legevakt og fastlegekontor og ha god forståing for effektiv og trygg pasientflyt.

Det utlyste vikariatet omfattar i tillegg oppfølging av pasientar med diabetes i begge kommunane, slik stillinga er organisert i dag. Det vil bli gitt nødvendig opplæring i dette arbeidet. Det kan òg bli aktuelt å arbeide med andre pasientgrupper med kroniske sjukdomar.

Legekontora våre er godt utstyrte og har mellom anna eige røntgenapparat. Dette gjer det mogleg å diagnostisere pasientar lokalt og ved behov gjennomføre gipsbehandling i avdelinga. Sjukepleiarane har òg ansvar for vedlikehald og kontrollrutinar for medisinteknisk utstyr, i tillegg til bestilling av legemiddel.

Arbeidstida er i utgangspunktet måndag til fredag kl. 08.00–15.30. Det kan òg bli aktuelt med legevakter på ettermiddagstid i samband med høgtider og heilagdagar.

Vi ser etter ein sjukepleiar som kan arbeide sjølvstendig, har eit høgt fagleg kunnskapsnivå og møter pasientane på ein trygg, respektfull og profesjonell måte. Gode samarbeidsevner er viktig, då stillinga inneber tett samarbeid med mellom anna pleie- og omsorgstenesta, ambulansepersonell, skipatruljen og anna helsepersonell.

Om sommaren er det vanleg at vi er samlokaliserte i Bykle helsehus. Vi inngår i eit helsesamarbeid, noko som inneber at du til tider må kunne arbeide på Hovden, i Bykle eller i Valle.

Hos oss får du ein variert og meiningsfull arbeidskvardag, eit godt arbeidsmiljø og høgt fagleg fokus.

Kvalifikasjoner

  • Offentleg godkjent sjukepleiar
  • Søkjaren må kunne arbeide sjølvstendig og har gode samarbeidsevner mot fastlege, ambulansepersonell og anna helsepersonell
  • Erfaring med bruk av InfoDoc vil vera ein fordel, men opplæring vil verte gjeve
  • God framstillingsevne på skandinavisk, både munnleg og skriftleg, samt basale engelskkunnskapar
  • Førarkort klasse B

Krav om politiattest ved tilsetting.

Personlige egenskaper

  • Gode kommunikasjonsevner
  • Evne til samarbeid og bidra til eit godt og positivt arbeidsmiljø
  • Evne til å arbeide systematisk og strukturert
  • Innovativ i høve utvikling av fagområder og tenesta i sin heilskap
  • Fleksibel og oppteke av endrings- og forbetringsarbeid

Personleg eignaheit vektleggjes.

Vi tilbyr

  • Konkurransedyktig løn
  • Eit godt arbeids- og fagmiljø
  • Gode faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Kommunen kan hjelpe til med å skaffe bustad
  • Flyttegodtgjerelse etter eige reglement
  • Ein fjellkommune med fin natur, rein luft og mange moglegheiter for friluft både sumar og vinter
  • Barnehageplass og SFO plass frå dag ein i kommunen
  • Velferdstiltak som skapar trivsel og samhald
  • Bedriftsleilegheit i Kanalbyen, Kristiansand
 

Kontaktinformasjon

Benedicte Severinsen, Kommuneoverlege, 90205152

Arbeidssted

Sarvsvegen 14
4754 BYKLE

Nøkkelinformasjon:

Arbeidsgiver: Bykle

Referansenr.: 5161005218
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 05.10.2026
Sluttdato: 10.10.2027
Søknadsfrist: 10.09.2026

Kontaktperson for stillingen

Benedicte Severinsen

Kommuneoverlege

90205152

Om bedriften

Bykle kommune som arbeidsgjevar:

  • Vi er organisert på tre nivå: kommunedirektør med stab, tre kommunalområdar og syv tenesteeiningar 
  • Vi er ca. 190 tilsette
  • Hos oss er det kort avstand mellom leiar og tilsett
  • Vi er ei IA-bedrift

Om Bykle:

  • Bykle kommune har ca. 1000 innbyggjarar og ligg øvst i Setesdal
  • Kommunesenteret er lokalisert i Bykle
  • Hovden er eit stort turistsenter, og i sesong aukar innbyggjertalet i kommunen til over 20 000
  • Fritidstilboda er mange og varierte, både sommar og vinter. Vi har blant anna eit flott alpinsenter, nypreppa langrennsløyper både i nærområde og på høgfjellet, golfbane og badeland
  • Vi er kjende som eit attraktivt turistmål med gode kraftinntekter 
  • Det er løpande SFO- og barnehageopptak 

Valle kommune ligg midt i Setesdal, berre to timars biltur frå kysten. Kommunen har to bygdesentrum, Valle og Rysstad, flott natur med mange moglegheiter for ulike aktivitetar, og eit rikt kultur og fritidstilbod.  Kommunen har om lag 1200 innbyggjarar.

Besøk gjerne heimesida til Valle kommune her: http://www.valle.kommune.no/


Oppdatert CV, vitnemål og attestar skal lastas opp i Webcruiter.
Aktuelle kandidatar vert invitert til intervju.

Tilsetjing skjer på dei vilkår som går fram av lover, reglement og tariffavtaler. 
Bykle kommune er opptatt av mangfald og vi oppmodar difor alle som er kvalifisera til å søkje hos oss.

Namnet ditt vil normalt bli offentleggjort i forenkla søkjarliste. Du kan be om å bli unnteke offentlegheit, du må grunngje dette skriftleg jf. offentleglova §25. Dersom kommunen ikkje imøtekomer, vil du bli varsla før offentleggjering.

Vi ønskjar ikkje kontakt med annonseseljarar. 

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b7c4e588-18c9-449b-99c6-04110098f021

Sist endret

27. august 2026

Hentet fra

talentech

Referanse

3fcfb31a61164147ab8f7a23de27de66

Lignende annonser

Laster lignende annonser