Hopp til innhold

Konsulent

Arbeidsgiver

Stab og støtte, Bremanger kommune

Sted

Granden 4, 6723 Svelgen

Om jobben

Stillingstittel
Konsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1

Søk på jobben

Søk senest søndag 22. mars

Er du ein person som motiverast du av å jobbe i eit system som betyr noko for mange – og der arbeidet ditt har direkte innverknad på kvardagen til tilsette og leiarar? Då kan dette vere rolla for deg.

Som konsulent i Stab- og støtte får du ei sentral rolle i personalarbeidet i kommunen. Du vil bli ein viktig støttespelar for leiarar i heile organisasjonen, og vere involvert i prosessar som handlar om kvalitet, tryggleik og god forvaltning. Arbeidet er variert, meiningsfylt og gjev stort rom for fagleg utvikling.

Stab- og støtte består av økonomi, løn og personal, IKT og servicekontor. Samla sett er vi eit fagmiljø som jobbar for at kommunen skal ha gode verktøy, tydelege prosessar og profesjonell støtte i møte med krevjande og spanande oppgåver. Her møter du kollegaer med kompetanse, engasjement og eit sterkt ønske om å skape gode løysingar – både internt og for innbyggarane.


Arbeidsoppgåver

I denne rolla vil du:

  • støtte og rettleie leiarar i spørsmål knytt til personal, regelverk og medarbeidaroppfølging
  • bidra i prosessar knytt til rekruttering, oppfølging og utvikling av medarbeidarar
  • sikre kvalitet i arbeidsavtalar, rutinar og personalforvaltning
  • vere kontaktpunkt mot eksterne samarbeidspartnarar og pensjonsordningar
  • arbeide med strukturar og system som bidreg til ryddige, effektive og gode prosessar

Arbeidskvardagen blir variert, men alltid meiningsfull. Du kjem til å oppleve at rolla di har stor verdi – både for leiarar, medarbeidarar og kommunen som heilskap.

Kvalifikasjonar

Vi ser etter deg som:

  • har bachelorgrad innan HR, administrasjon eller lang og relevant erfaring
  • har god forståing for regelverk og personalfaglege prosessar
  • erfaring med medarbeidarstøtte, kvalitet og systematisk arbeid
  • jobbar strukturert og har høg kvalitet i arbeidet
  • er trygg i kommunikasjon med leiarar og medarbeidarar
  • er serviceorientert, løysingsfokusert og har god samarbeidsevne

Personlege eigenskapar vi set pris på:

  • jobbar strukturert og har orden i detaljane, samtidig som du ser samanhengar
  • sjølvstendig og ansvarleg
  • trygg i roller med koordinering og kvalitetssikring
  • evner å handtere både detaljar og heilskap
  • bidreg positivt i eit fagleg fellesskap

Hos oss får du

  • interessante og varierte arbeidsoppgåver i eit breitt fagmiljø
  • høve til å påverke og utvikle HR-arbeidet i kommunen
  • godt arbeidsmiljø, tverrfagleg samarbeid og engasjerte kollegaer
  • konkurransedyktige vilkår i tråd med gjeldande avtaleverk
  • ein rekke gode ordningar for busetjing i kommunen. Sjå alle ordningane her.

    Kontaktinformasjon

    Anita Solberg, Kommunalsjef

    Arbeidsstad

    Granden 4
    6723 Svelgen

    Nøkkelinformasjon:

    Arbeidsgivar: Bremanger kommune

    Referansenr.: 5092827430
    Stillingsprosent: 100%
    Fast
    Søknadsfrist: 22.03.2026

    Kontaktperson for stillingen

    Anita Solberg

    Kommunalsjef

    Om bedriften

    Har du lyst til å bu tett på havet og naturen, i eit samfunn der det er godt å leve?

    Bremanger kommune ligg ved kysten av Vestland fylke og har rundt 3.500 innbyggjarar. Her får alle barn gratis barnehageplass, og kommunen legg stor vekt på trygge og gode oppvekstvilkår. Kulturlivet og idrettsmiljøet er ope for både barn og vaksne, og naturen inviterer til eit aktivt friluftsliv, enten du er glad i fjellturar, sjøliv eller rolege stunder ute.

    Grøn energi, industri, fiskeri og spektakulær natur er varemerket vårt. Vi er heimen til Grotlesanden, kystklippa Hornelen, Ålfotbreen og den legendariske Vetvika ut mot storhavet. 

    Vi håpar du vil bli betre kjent med oss – les meir på www.bremanger.kommune.no og www.godebremanger.no!

     

     

    Del annonsen

    Annonsedata

    Rapporter annonse
    Stillingsnummer

    b79c59a7-1ce5-4e7e-aba6-90168f8cf630

    Sist endret

    6. mars 2026

    Hentet fra

    talentech

    Referanse

    81cfcc6e9d5f4c8181728f73e3fc496a

    Lignende annonser