Lege- vikariat
Helse, Omsorg og velferd
Dalevegen 26, 6153 Ørsta, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lege- vikariat
Oppstart
1. september 2025
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest fredag 8. august
Ein av våre legar skal ha permisjon og det er difor ledig 80 % vikariat for perioden 01.09.25-31.12.2026 med moglegheit for lenging ut 2026. Stillinga er delt mellom 50 % på helsestasjon og 30 % på sjukeheim. Det er ikkje plikt til legevakt i denne stillinga, men dersom du er kvalifisert og har ønske om det, kan du ha høve til å ta legevakter ved Søre Sunnmøre legevakt.
Søre Sunnmøre legevakt er eit interkommunalt legevaktssamarbeid på kveld/helg/høgtid. Det er alltid sjukepleiar på jobb saman med legevaktslege. Legevakta har også eigen legevaktbil med ambulansearbeidar, som gjer legevaktsarbeidet meir mobilt. På legevakt er legane fastløna og Volda er vertskommune.
Legetenesta i Ørsta består elles av 15 fastlegar og to LIS1-stillingar som alle er lokaliserte ved Ørsta helsesenter, samt kommuneoverlege i 100 % stilling.
Du vil få høve til å delta på vekentlege møte på Ørsta helsesenter og slik vere ein del av legefellesskapet i Ørsta kommune.
Helsestasjon/skulehelseteneste:
Arbeidet vil i hovudsak vere obligatoriske legekontrollar i samsvar med helsestasjonsprogrammet. I tillegg deltek ein på helsestasjon for ungdom (HFU). Legen deltek i helsestasjonen sitt helseteam, som i tillegg til legen, består av helsesjukepleiar, kommunepsykolog og familieterapeut.
Legen er også tilknytta og samarbeidar med:
- Helsestasjonsteam, helsesjukepleiarar som har helsestasjon 0-5 år
- Skuleteam, helsesjukepleiarar som arbeider ute i skulehelsetenesta
Ein har også kontakt med skulane og elevar/føresette ved behov.
Legen er ansvarleg for alle førsteklasseundersøkingane og enkelte konsultasjonar for barn som kjem som flyktningar.
Helsestasjonen har eigen avdelingsleiar som vil vere din leiar i delen av stillinga som er knytt til helsestasjonen. Elles er det knapt 12 årsverk fordelt på 17 tilsette. I tillegg til helsestasjonslege har vi 100 % jordmorressurs , 100 % merkantil ressurs, 100 % stilling for kommunepsykolog, 100 % nyoppretta engasjementstilling for familieterapeut og resterande er helsesjukepleiarstillingar. Fysioterapeut er knytt til helsestasjon 0-5 år i 20 % stilling, .
Ørsta er BTI-kommune (betre tverrfagleg innsats) og vi er godt i gang med implementering av denne måten å jobbe systematisk og tverrfagleg rundt barn og familiar.
Helsestasjonen er lokalisert i same bygg som ergo, fysio, friskliv og Ørsta helsesenter (fastlegane).
Sjukeheim:
Kommunen har to sjukeheimslegestillingar. I tillegg til denne som er utlyst, er det 90 % stilling ved Ørstaheimen. Tenesteleiar for omsorgs og sjukeheim er leiar for sjukeheimslegane.
Arbeidstida er fordelt med ein fast dag i veka ved Hjørundfjordeheimen på Sæbø og ein halv fast dag i veka ved Vartdal Helsetun på Vartdal.
Det kan vurderast ei anna fordeling av arbeidstida dersom dette er meir føremålstenleg. Det er lagt til rette for kontakt mellom helsepersonell og lege også utanom dei faste tilstadesdagane, hovudsakleg via telefon.
Arbeidsoppgåver
Helsestasjon:
- legeoppgåver ved helsestasjon og HFU
- du inngår i fleire team på hesestasjonen(helseteam, skuleteam, helsestasjonsteam)
- enkelte førstegongskontrollar for barn som kjem som flyktningar
Sjukeheim:
Kvalifikasjonar
- du oppfyller krava i Forskrift om kompetansekrav for leger
- du uttrykker deg godt på norsk både munnleg og skriftleg
- det er krav om godkjend politiattest
- du har førarkort, klasse B og kan disponere eigen bil i teneste
Personlege eigenskapar
Vi søker etter ein lege som
- likar å jobbe både sjølvstendig og samarbeide med andre
- skaper gode relasjonar til born, føresette og pårørande
- er opptatt av fagutvikling
- har interesse både for forebyggande oppgåver og helseutfordringar hjå eldre
- er fleksibel
- snarleg tilsetting vil verte prioritert
Vi tilbyr
- godt legefellesskap der du har høve til å delta på vekentlege møte saman med fastlegane
- dyktige kollegaer både på helsestasjonen og på sjukeheimane
- Spennande utfordringar og ein variert arbeidskvardag
- Arbeidstid på dagtid med fleksitidsordning
- Gode pensjons- og forsikringsordningar for tilsette i KLP
- Løn etter avtale
Kontaktinformasjon
Camilla Nupen, Avdelingsleiar helsestasjonen, 900 75 316, camilla.nupen@orsta.kommune.noWenche Flo, Tenesteleiar Omsorg og sjukeheim, 957 12 120, wenche.flo@orsta.kommune.no
Runa Bakke, Tenesteleiar Helse, tildeling og koordinering, 916 21 147, runa.bakke@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Dalevegen 266153 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4990932375
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Startdato: 01.09.2025
Sluttdato: 31.12.2026
Søknadsfrist: 08.08.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Om bedriften
Ørsta
kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og
næringsliv. Den gode geografiske plasseringa
vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna
næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta
og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire
daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b79c3893-9b4e-40bc-9aa9-09e8b4bf374f
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e2ca7ed971594c46b73494f0261388d9