Hopp til innhold

Rektor i kulturskulen på Tysnes

Arbeidsgiver

Tysnes kommune

Sted

Uggdalsvegen 301, 5685 Uggdal

Om jobben

Stillingstittel
Kulturskulerektor
Type ansettelse
Fast, deltid 35%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk senest søndag 6. desember

Ønsker du å bidra til å styrke og videreutvikling kulturskulen på Tysnes?

Vi søker ein engasjert og utviklingsorientert kulturskulerektor som vil leie ein viktig arena for kreativitet, læring og meistring for barn og unge. 

Stillinga utgjer 35 prosent i fast stilling og kan kombinerast med ledige stillingar som kulturskulelærar i piano og/eller korps.

Arbeidstid er hovudsakleg dagtid, men noko kvelds- og helgearbeid må påreknast. 

Tysnes kulturskule er ein sentral del av verksemda kultur saman med bibliotek, frivilligsentral og andre kulturelle einingar. Kulturskulen har 2,7 årsverk fordelte på 5 tilsette og omlag 125 elevar. Kulturskulen tilbyr undervisning i gitar, slagverk, piano, song, teater, dans og messinginstrument.  I tillegg samarbeidar kulturskulen med fleire einingar i kommunen og leverer dirigenttenester til frivillige kor og korps. Vi held til i nye og trivelege lokaler i Tysnes skule, der vi har mesteparten av undervisninga vår. Noko av undervisninga kan føregå på andre skular og bygg.

Målsettinga til Tysnes kulturskule, er at vi skal vera eit synleg, lokalt ressurssenter for musikk og kulturfagleg arbeid. Kulturskulen skal gi eit frivillig, meiningsfullt og vedvarande opplæringstilbod innan ulike kulturfag, og gi elevane høve til å oppleva meistring gjennom uttrykk og formidling ut frå den einskilde sine føresetnader. 

Tysnes kulturskule legg til rette for tverrfagleg samarbeid og samhandling og er ein aktiv bidragsytar til eit rikt og variert kulturliv i kommunen. 

Stillinga som kulturskulerektor er ledig frå 01.02.27.


Arbeidsoppgåver

Som kulturskulerektor vil du:

  • leia den kulturfaglege, pedagogiske og administrative verksemda.
  • ha ansvar for økonomi, personaloppfølging og drift.
  • bidra til å styrkje og vidareutvikle tilboda og aktivitetane i kulturskulen.
  • legge til rette for gode lærings- og utviklingsprosesser for tilsette og elevar.
  • samarbeide med kommunale verksemder, frivillige organisasjonar og kulturaktørar.
  • representere kulturskulen i ulike samarbeid og nettverk.

Andre oppgåver kan bli lagde til stillinga.


Kvalifikasjonar

For å kunne ta vare på ansvarsområdet til stillinga søkjer vi deg som har:

  • Høgare utdanning innan musikk og/eller pedagogiske fag.
  • Erfaring frå kulturskule, opplæring eller anna relevant utviklings- og formidlingsarbeid.
  • Interesse for og forståing av leiing, organisasjonsutvikling og samarbeid.
  • God kjennskap til kulturområdet og samfunnsoppdraget til kulturskulen.
  • God kunnskap om og forståing for personalleiing, økonomi- og planarbeid.
  • God kunnskap om og forståing for digitale arbeidsverktøy.

Det kan vere ein fordel om du har:

  • Leiarerfaring og/eller leiarutdanning.
  • Erfaring med å leia lærings- og utviklingsprosessar.

Vi veit at kompetanse kan vere opparbeidd på ulike måtar. Dersom du kjenner deg att i mykje av det me omtalar, oppmodar vi deg til å søkje sjølv om du ikkje oppfyller alle punkta.


Personlege eigenskapar

Vi ser etter deg som:

  • er trygg, inkluderande og samarbeidsorientert.
  • er nysgjerrig.
  • evner å motivere og utvikle medarbeidarar.
  • arbeider strukturert og tek ansvar for framdrift og resultat.
  • byggjer gode relasjonar internt og eksternt.
  • ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø og vidareutvikle Tysnes kulturskulen.

Kvifor skal du jobba hos oss?

Vi tilbyr

  • ei spennande leiarrolle i ein kulturskule med høg fagleg kvalitet og stort engasjement.
  • høve til å påverke utviklinga av tilbodet i kulturskulen i åra som kjem.
  • samarbeid med dyktige og engasjerte kollegaer i oppvekst og kultur.
  • lønn og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtaleverk.

Tilsetting hos oss gir deg medlemskap i KLP- kommunenes pensjonsselskap. Det betyr blant anna at du får ein av dei beste pensjonsordningane i Noreg, samt mogelegheit til å søke om bustadlån med gunstige vilkår. 

I Tysnes kan du få inntil kr 25 000 i årleg avskriving av studielånet ditt frå og med 2026. Som arbeidstakar og busett i ein distriktskommune kan du ha rett til å få sletta delar av studielånet gjennom Lånekassen si nye ordning for distriktskommunar. 

Synest du stillinga verkar spennande, eller har du spørsmål? Ta gjerne kontakt med kontaktpersonane som står oppført i annonsen. 


Informasjon til søkar

Søkar har sjølv ansvar for å laste opp alle relevante vedlegg innan søknadsfristen. For at søknaden skal bli vurdert, må du legge ved dokumentasjon på utdanning og arbeidserfaring, som vitnemål og tenestebevis/arbeidsattestar. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må du laste opp attesterte omsettingar.

Du må sende inn søknaden via Jobbnorge. Søknadar som kjem inn på andre måtar, til dømes på e‑post eller til postmottak, blir ikkje vurderte.

Ønske om unntak frå den offentlege søkarlista blir vurdert etter reglane i offentleglova. Søkarar som ber om slikt unntak, blir varsla dersom ønsket ikkje kan takast til følge.

Tysnes kommune ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke ledige stillingar uavhengig av kjønn, alder, funksjonsnedsetting eller fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Vi ønsker å legge til rette for ei inkluderande rekruttering.


Kontaktperson for stillingen

Hildegunn Sørfonn

Kommunalsjef oppvekst og kultur

+4799214806

hildegunn.sorfonn@tysnes.kommune.no

Om bedriften

Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!

Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggande senter utanfor Bergen. Spør du oss, er dette den beste kommunen i verda å vekse opp i. Når vi tel både store og små, er vi om lag 3000 godlynte innbyggarar i Tysnes.

Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles ferjesamband mot nord og sør.

Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Vi er opptatt av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.

Sektor

Offentlig

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b789d629-dfd4-478a-9b68-8a2f8d1a1fe2

Sist endret

17. november 2026

Hentet fra

jobbnorge

Referanse

10316287

Lignende annonser

Laster lignende annonser