Førstelektor (20%) i pedagogikk og musikkdidaktikk (vikariat)
Universitetet i Bergen
Lars Hillesgt. 3, 5015 Bergen
Om jobben
- Stillingstittel
- Førstelektor (20%) i pedagogikk og musikkdidaktikk (vikariat)
- Type ansettelse
- Vikariat, deltid 20%
- Antall stillinger
- 1
- Arbeidsspråk
- Norsk
Søk på jobben
Søk senest torsdag 17. desember
UiB - Kunnskap som formar samfunnet
UiB skal vere blant Europas fremste universitet, internasjonalt kjent for høg kvalitet i forsking og utdanning. Som samfunnsinstitusjon skal vi bidra til ei berekraftig og demokratisk utvikling og vere ein attraktiv og inkluderande studie- og arbeidsplass.
Video: https://youtu.be/LlM1uxJXqBQ?si=p0jl8Ea22p5PjcAbFørstelektor
Ved Griegakademiet – Institutt for musikk er det ledig ei midlertidig stilling (vikariat) som førstelektor (20%) i pedagogikk og musikkdidaktikk. Stillinga har varigheit frå 1. januar 2027 til 31. desember 2027. Den som vert tilsett skal undervise på Fakultet for kunst, musikk og design sitt program i praktisk-pedagogisk utdanning (PPU).
Om stillinga:
Stillinga omfattar undervisning og rettleiing i pedagogikk og musikkdidaktikk ved praktisk-pedagogisk utdanning (PPU), med særleg vekt på musikkfaget i grunnskulen. Undervisninga skal knyte saman forskingsbasert kunnskap, praktisk musikkpedagogisk arbeid og erfaringar frå skulen.
Dei musikkdidaktiske arbeidsoppgåvene omfattar musisering, komponering og skapande arbeid, bruk av digitale verktøy og læringsressursar, samt arbeid med song og instrument som piano, gitar og bandinstrument i grunnskuleundervisninga. Den som blir tilsett, skal førebu studentane til praksis og rettleie dei i å planleggje, gjennomføre og vurdere musikkundervisning.
Undervisninga i pedagogikk omfattar elevkunnskap, klasseleiing, vurdering og konflikthandtering, i tillegg til tema som demokrati, identitetsutvikling og kjønnsperspektiv. Arbeid med læreplanar, skulehistorie og lærarrolla inngår òg.
Den som blir tilsett, skal samarbeide med kollegaer ved PPU om samanhengen mellom pedagogikk, musikkdidaktikk og praksis. Andre relevante undervisnings- og rettleiingsoppgåver kan inngå innanfor rammene av stillinga.
Arbeidsoppgåver:- Undervisning, rettleiing og eksamensarbeid
- Ansvar for undervisningsopplegg i samsvar med studieplanar
- Organisering og tilrettelegging av ovanståande oppgåver
Lista er ikkje uttømmande. Andre arbeidsoppgåver kan bli lagde til stillinga
Arbeidsstad for stillinga er på campus i Bergen, og det vert forventa jamleg nærvær.
Kvalifikasjonar og eigenskapar:
- Søkjarar må kunne dokumentere forskingsverksemd og/eller utviklingsarbeid av høg kvalitet, med eit omfang og ein fagleg standard som svarar til doktorgrad innan fagområdet pedagogikk/musikkdidaktikk.
- Søkjaren må ha dokumentert relevant praktisk-pedagogisk kompetanse frå utdanning og/eller røynsle med undervising og rettleiing.
- I tillegg vil det bli lagt vekt på:
- Erfaring med undervisning på universitets-/høgskulenivå.
- Organisatoriske evner og erfaring.
- Personlege eigenskapar som er relevante for stillinga. Til dette legg vi vekt på at den som blir tilsett:
- samarbeider godt med studentar, kollegaer og eksterne samarbeidspartnarar
- kommuniserer tydeleg og konstruktivt i undervisnings-, forskings- og utviklingsarbeid
- arbeider sjølvstendig og strukturert, og prioriterer og gjennomfører oppgåver innan fastsette fristar
- bidreg aktivt til utvikling av fagmiljøet og eit inkluderande arbeidsfellesskap.
Undervisningsspråket er i hovudsak norsk. Det blir kravd at den som blir tilsett har ferdigheiter i norsk eller eit anna skandinavisk språk på nivå B2 ved tilsetjing.
Vi tilbyr:
- Spennande og utviklande arbeidsoppgåver i et sterkt fagmiljø.
- Stilling som førstelektor (kode 1198) i årsløn kr. 790 900 – 830 000 brutto i året i 100% stilling. Det vert trekt 2 % pensjonsinnskot til Statens pensjonskasse. For særleg kvalifiserte søkjarar kan det bli aktuelt å vurdere høgare løn.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse
- Gode velferdsordningar
Søknaden skal innehalde:
- CV.
- Vitnemål og attestar.
- Fullstendig publikasjonsliste
- Liste over vitskapelege arbeid du vil det skal takast omsyn til ved vurderinga, med opplysningar om kvar dei er offentleggjorde
- Eventuelle vitskaplege arbeid søkjaren vil det skal takast omsyn til ved vurderinga.
- Vitskaplege arbeid (maks 5) i pdf format.
- Dokumentasjon av undervisningserfaring og pedagogiske kvalifikasjonar. (Last ned og fyll ut skjema for pedagogisk mappe).
NB. Søknader vil bli vurderte basert på informasjonen som er tilgjengeleg i JobbNorge når søknadsfristen går ut. Dersom originale dokument ikkje er på engelsk eller eit skandinavisk språk, må stadfesta omsetjingar bli lagt ved på eitt av desse språka.
Søkjaren har sjølv ansvaret for å sjå til at all informasjon er lasta opp før fristen.
Generell informasjon:
Utfyllande opplysningar om stillinga kan ein få ved å vende seg til: Instituttleiar Geir Davidsen, mob. +47 91818633, e- post: g.davidsen@uib.no
For tekniske spørsmål knytt til søknadsprosessen ta kontakt med HR ved KMD på: hrkmd@uib.no
Mangfald er ein styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre endå betre. UiB treng difor kvalifiserte medarbeidarar uavhengig av kjønn, etnisitet, religion, livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk og alder.
Universitetet i Bergen nyttar meirinnsyn ved tilsetjing i vitskaplege stillingar.
Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Vi oppmodar søkjarar med funksjonsnedsetjing, innvandrarbakgrunn eller hól i CV-en til å søke. Dersom du kryssar av for dette i søknaden kan du bli positivt særbehandla. Vi inviterer alltid minst ein kvalifisert søkjar frå kvar av desse gruppene til intervju. Nærare om tilsettingsprosessen her.
Om bedriften
Universitetet i Bergen er ein anerkjend utdannings- og forskingsinstitusjon, organisert i sju fakultet og omlag 54 institutt og faglege senter. Campus ligg i sentrale delar av Bergen med universitetsområde på Nygårdshøyden, Haukeland, Marineholmen, Møllendalsveien og Årstad.
Fakultet for kunst, musikk og design består av tre institutt. Les meir om fakultet og tilhøyrande institutt.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
238b2328-7872-42cc-84db-baf648d910bc
- Sist endret
26. november 2026
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10317341