Hopp til innhold

Butikksjef som ynskjer det gode livet på landet

Arbeidsgiver

Sørbøvåg Butikkdrift AS

Sted

Åfjordvegen 894, 6958 Sørbøvåg

Om jobben

Stillingstittel
Butikksjef
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Antall stillinger
1
Arbeidsspråk
Norsk

Søk på jobben

Søk snarest mulig

Sørbøvåg Landhandel ligg midt i Nordens største opne gruvelandskap frå Viking-tida, i den idylliske vestlandsbygda Sørbøvåg. Med Åfjorden og majestetiske Lihesten midt i mot, kjent frå 71 grader nord, og vegg i vegg med båthamna og det flotte aktivitetsområdet Hamneparken.

Butikken er i god utvikling, og framstår som ein solid, lettdriven og moderne daglegvarebutikk - litt utenom det vanlege.

Butikken er ikkje styrt av ein kjede, her bestemmer butikksjefen alt sjølv i tett samspel med kundane. Butikken er digitalisert og har for tida ope 7-24 alle dagar heile året, og er første butikken i Noreg som har fjernbetjent Post i Butikk.

Butikken har pub, butikkbakeri, gjestehamn for båtar og campingplass for bubilar.

Ei spennande leiarstilling på ein trygg og god arbeidsplass med trivelege og varierte arbeidsoppgåver.

Fleksibel og komfortabel arbeidstid, god lønn, og gode framtidsutsikter for rett person.

Har du erfaring frå varehandel, økonomisk sans, og evne til å jobbe sjølvstendig og målretta, er det store pluss, men det aller viktigaste er at du har:

Godt humør, arbeidslyst, evne til å skape trivsel og eit ynskje om å bu på ein av dei kanskje finaste stadene i landet.

Vi tilbyr god opplæring og oppfølging.

Bustad kan ordnast.

Er du interessert, ta kontakt med kjøpmann og eigar Roar Nordbø telefon 97 96 22 30

Søknad med CV sendast til post@fjordkick.no

Søknad vil bli handsama fortløpande.

Om bedriften

Sørbøvåg Landhandel er ein frittståande daglegvarebutikk i vekst. Butikken er ein del av konsernet Sørbøvåg Senter AS som også driv daglegvarebutikken Bunnpris Lavik og reselivsverksemda FjordKick.

Sektor

Privat

Del annonsen

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b77e1f67-5729-4d1c-ae6f-a6cae557e7f8

Sist endret

30. juli 2026

Hentet fra

FINN

Referanse

467114916

Lignende annonser

Laster lignende annonser