Lege i spesialisering onkologi og hematologi - faste stillingar
Kreftavdelinga, Helse Førde
Svanehaugvegen 2, 6812 Førde, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lege i spesialisering onkologi og hematologi
Oppstart
1. mars 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. desember
Ønskjer du å bli ein del av eit fagfelt i rivande utvikling, der du får utfordre og utvikle deg både sjølvstendig og i team med dyktige kollegaer?
Kreftavdelinga ved Helse Førde søkjer etter lege som vil spesialisere seg innan hematologi, og lege som vil spesialisere seg innan onkologi.
Kreftavdelinga har ansvar for medikamentell kreftbehandling for innbyggjarane i tidlegare Sogn og Fjordane, og består av sengepost og poliklinikk.
Avdelinga har pasientar innan fagområda; onkologi, hematologi og palliasjon
Avdelinga er godkjent for spesialistutdanning innan hematologi og onkologi gruppe 2-teneste. Ved fullstendige utdanningsforløp har vi avtale internt og eksternt for både gruppe 1- og gruppe 2-teneste.
LIS-legar går inn i 5-delt vaktordning, (helg kl. 09:00 - 14:00) saman med overlege innan hematologi eller onkologi
Oppstart snarast eller etter avtale.
Arbeidsoppgåver
- Klinisk arbeid ved sengepost og etter kvart poliklinikk tilpassa kompetanse
- Behandling og oppfølging av pasientar innan onkologi og hematologi
- Deltaking i internundervisning for avdelinga
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som lege
- Søkjar til fast stilling må ha gjennomført LIS1-teneste
- Søkjar som ventar på LIS1-teneste, eller ønskjer praksis på sjukehus, kan vere aktuell, men då for vikariat
- Relevant og klinisk yrkeserfaring vert vektlagt
- God munnleg og skriftleg kommunikasjonevne
Personlege eigenskapar
- Motivasjon og interesse innan fagfeltet
- God fagleg vurderingsevne, arbeider målretta og strukturert
- Kommuniserar godt med pasientar, pårørande og kollegaer
- Evne til å bidra positivt til eit godt fagleg og kollegialt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ein spennande, utfordrande jobb, i eit travelt og utviklande fagleg miljø
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons og forsikringsordningar
- Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Monika Staberg Sunde, Konstituert avdelingssjef kreftavdelinga, 959 49 287Arbeidsstad
Svanehaugvegen 26812 Førde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse FørdeReferansenr.: 4882921939
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.03.2025
Søknadsfrist: 01.12.2024
Kontaktperson for stillingen
Monika Staberg Sunde
Konstituert avdelingssjef kreftavdelinga
959 49 287
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2787376
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cf1df9f3979e404ba8afa74921706af8