Overbioingeniør
LMBB seksjon Lærdal, Helse Førde
Sjukehusvegen 9, 6887 Lærdal, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Overbioingeniør
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest onsdag 10. september
Vi har ledig stilling som overbioingeniør innan fagområdet klinisk kjemi der analyseinstrumenta Alinity, ABL (syre/base) og diverse pasientnære utstyr er ansvarsområde. Stillinga er 100% fast og inngår i vaktturnus.
Stillinga er ledig frå 01.12.2025. Ved eventuell intern rokkering, kan det bli andre ledige stillingar i laboratoriet. Opplys gjerne i søknaden om det kan vere aktuelt å ta imot tilbod om annan stilling.
Laboratoriet ved Lærdal sjukehus har 8 stillingar, døgndrift med kvilande nattevakt på sjukehuset og arbeid omlag kvar fjerde helg.
Laboratoriet har tett samarbeid med dei andre laboratoria i Helse Førde (Førde og Nordfjord) mht til innkjøp, fagprosedyrar og andre rutinar. Vi legg stor vekt på fagleg oppdatering og deltek mellom anna på alle fagleg retta brukarkurs.
Ved tilsetjing får ein opplæring innan alle fagfområde, med tanke på at stillinga inngår i full vaktturnus.
Arbeidsoppgåver
- Vedlikehald og oppfølging av analyseutstyr
- Overvaking av analytisk kvalitet
- Prosedyreskriving
- Opplæring og rettleiing
- Halde seg oppdatert i faget
Overbioingeniør rapporterer fagleg til seksjonsleiar
Kvalifikasjonar
- Bachelor i bioingeniørfag. Norsk godkjenning.
- Gode IT kunnskapar
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- Det er fordel med erfaring innan for fagfelta hematologi, koagulasjon og urin
Personlege eigenskapar
- Det vert lagt vekt på erfaring og sjølvstendigheit
- Initiativrik
- Samarbeidsevne
- Fagleg engasjement
Vi tilbyr
- Løn etter gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Variert arbeid og godt fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Husvære
Kontaktinformasjon
Kari Grøttebø, Seksjonsleiar, (+47) 576 40 020Arbeidssted
Sjukehusvegen 96887 Lærdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Helse FørdeReferansenr.: 5008302610
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.09.2025
Kontaktperson for stillingen
Kari Grøttebø
Seksjonsleiar
(+47) 576 40 020
Om bedriften
Helse Førde HF har ansvar for spesialisthelsetenestene i Sogn og Fjordane. Føretaket arbeider for å gje pasientar og brukarar eit godt og heilskapeleg tilbod innanfor gjeldande rammer. Helse Førde sine institusjonar og prehospitale tenester er organisert i eit heilskapleg nettverk, og samarbeidet med andre instansar som m.a. kommunane er høgt prioritert. Føretaket har om lag 3 200 tilsette og eit budsjett på over 3,6 milliardar kroner og er den største verksemda i Sogn og Fjordane. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset.
Helseføretaket er eigd av det statlege Helse Vest RHF. Føretaksgruppa i Helse Vest skal spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søkje ledige stillingar uansett kjønn, alder, fleirkulturell bakgrunn eller om du har hatt opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønskjer å leggje til rette for inkluderande rekruttering.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
b74bd82a-ac1a-4753-9e5d-1b767fc199cb
- Hentet fra
talentech
- Referanse
585f05bf757e4a68a25fdc762a8e51c7