Hopp til innhold

Fast Helgestilling Heimetenesta Halsnøy

Arbeidsgiver

Kvinnherad kommune Heimetenester Halsnøy

Sted

Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal

Stillingsannonsen er inaktiv.

Om jobben

Stillingstittel
Helgestilling heimetenesta Halsnøy
Type ansettelse
Annet, deltid 0%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Arbeidssted
Hjemmekontor ikke mulig
Helgevakt Halsnøytunet

 

Omtale av stillinga

 

Litt usikker på kva du vil her i livet? Kom til oss og test ut arbeid innan helse. Heimetjenesta på Halsnøy har eit kjekt og pulserande miljø, med ei god blanding av menn og damer på arbeid. No mistar vi mange studentar til dei store byane og treng difor nye helgevikarar.

 

Vi er oppteken av å trygge våre tilsette, og det er rom for å feila og rom for å læra. Om du kjenner deg usikker på å søkja, så send søknad, så kan vi ta ein prat, så kan vi i lag finne ut om dette kan vera noko for deg. 

 

Kanskje skal du ha eit friår? Hos oss kan du få nyttig erfaring samt legge deg opp litt kapital.

 Vi søkjer:

 

Vi har ledig faste helgestillinger, og i tillegg har vi trong for ringevikarar som kan stille opp på kort varsel ved sjukdom/anna fråvær. Helgestillinga er knytta til arbeid kvar 3. helg. Søkjarar med helsefagleg utdanning vil verte prioritert i dei faste stillingane. Det er ein føremon med helsefagleg erfaring, men opplæring vil bli gitt. Vi oppmodar menn til å søkja. 

 

 Kvalifikasjonar:
  • Gjerne helsefagleg erfaring, men opplæring vil bli gitt.
  • Påliteleg
  • God munnleg og skriftleg norskkunnskap
  • God IT kunnskap

 

 Personlege eigenskapar:
  •  Nysgjerrig og vilje til å læra
  • Ikkje redd for å arbeide aleine
  • Omsorgsperson

 

 Vi tilbyr:
  •  Pengar på konto kvar månad, ekstra om du er under helsefagleg høgskuleutdanning. 
  • Tilsetjing skjer etter gjeldande vilkår for kommunale arbeidstakarar i samsvar med HTA og AML.
  • Pensjonsordning, ulykkes- og gruppelivsforsikring gjennom KLP.
  • Gode arbeidstilhøve i eit godt arbeidsmiljø.
  • Ingen eigedomsskatt pr idag for hus, hytter og næring.
  • Gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen.

Gyldig politiattest må framleggjast der det er påkrevd.


Link til søknadsskjema: Søk her

Om bedriften

Kvinnherad kommune har 13.100 innbyggjarar og ligg i Sunnhordland, mellom Bergen, Haugesund og Odda. Rosendal er administrativt senter, medan Husnes er største tettstaden og har vidaregåande skule og handelssenter. Kvinnherad tilbyr gratis SFO og søskenmoderasjon i barnehagen. Naturen rundt byr på sjø, skog, fjell og bre. Kvinnherad Arena opna våren 2023, som er den største aktivitetshallen i kommunen. Idrettslag og kulturskule gir moglegheiter for både sports- og kulturinteresserte. Handelsmoglegheiter finn du på Husnes storsenter og i Rosendal, og det er gode transporttilbod både til Bergen og Haugesund. Kvinnherad kommune har per i dag ikkje eigedomsskatt for hus, hytter og næring.

Sektor

Offentlig

Annonsedata

Rapporter annonse
Stillingsnummer

b748957b-2bc2-443c-92af-4f822bc45074

Sist endret

22. desember 2025

Hentet fra

visma-easycruit

Referanse

3570997_245979_nn

Lignende annonser

Laster lignende annonser