Avdelingsleiar for maritime og marine fag
MÅLØY VIDAREGÅANDE SKULE, Vestland fylkeskommune
6718 Deknepollen
Om jobben
Stillingstittel
Avdelingsleiar for maritime og marine fag
Oppstart
1. august 2023
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Antall stillinger
1
Måløy vidaregåande skule ligg ytst i Nordfjord og er ein skule med ca 350 elevar og har eit breitt opplæringstilbod. Skulen har eit særleg fokus på marin og maritim opplæring.
Skulen tilbyr desse utdanningsprogramma: Naturbruk, Maritime fag, Bygg- og anleggsteknikk, Teknologi- og industrifag, Studiespesialisering, Helse- og opvekstfag, Restaurant- og matfag, Informasjonsteknologi og medieproduksjon, YSK (yrkes- og studiekompetanse) innan Helse, Akva og TIF.
I tillegg er Sikkeheitssenteret i Måløy (SIM) med sine kurstilbod organisert som eiga avdeling under Måløy vgs.
Arbeidsoppgåver
Avdeling for marine og maritime fag omfattar faga Naturbruk (Vg1), Akvakultur (Vg2), Fiske og fangst (Vg2) Maritime fag (Vg2). Sentralt for fleire av utdanningstilboda er opplæring om bord på Skulebas, skulen sitt eige opplæringsfartøy. Den gamle båten skal skiftast ut, og frå neste skuleår har vi eit heilt nytt opplæringsfartøy på plass.Avdelingsleiarstillinga vil utgjere minimum 60% prosent i kombinasjon med undervisning.
Skulen har ei leiargruppe som består av rektor og fire avdelingsleiarar. Avdelingsleiarane er ein del av skuleleiinga og bidreg i det strategiske planleggings- og utviklingsarbeidet.
Avdelingsleiar har den administrative, faglege og pedagogiske leiinga av avdelinga si.
Andre oppgåver må påreknast
Kvalifikasjonar
- relevant fagleg og pedagogisk utdanning
- gjerne vidareutdanning innan leiing
- leiarerfaring fra skule er ønskeleg
- god kjennskap til digitale verktøy og evne til å setje seg inn i nye verktøy
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne
- kjennskap til relevant lov- og avtaleverk
Personlege eigenskapar
- evne og lyst til å vidareutvikle skulen som ein lærande organisasjon
- oppteke av fagleg-pedagogisk utviklingsarbeid
- ynskje om å skape gode relasjonar til elevar og medarbeidarar
- arbeide målretta, systematisk og strukturert
- gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
- godt humør og ei positiv innstilling
- personlege eigenskapar vil bli vektlagt
Vi tilbyr
Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
Eit triveleg og positivt arbeidsmiljø
Ei utviklingsorientert leiargruppe
Løn og lønsutvikling i tråd med Vestland fylkeskommune sin lønspolitikk.
Gode forsikrings - og pensjonsordningar.
Søkjarar må oppgje minimum to referansar.
Meir informasjon om skulen finn du på nettsida: www.maloy.vgs.
Tilsetting skjer på grunnlag av lov- og avtaleverk og føreset nyare politiattest. Stillinga har seks månader prøvetid. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk.
Kontaktinformasjon
Ellen Jåvold, rektor , 40031715Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4640583700
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2023
Søknadsfrist: 14.04.2023
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2292780
- Hentet fra
talentech
- Referanse
0ce5161474b8491bbc9013a281e4b67d